I innlegg etter innlegg står den eine førskulelæraren etter den andre fram og manar lærarane til å slå av på krava, slik at dei kan få litt ekstra. Kva slag fagforeining har vi fått?
Eg har fleire gonger teke til orde for at lærarane og førskulelærarane må skilje lag. Vi øydelegg for kvarandre. Mimi Bjerkestrand kan ikkje leie kampen til lærarane uansett kor flink ho måtte vere, på same måte som ein lærar ikkje kan leie førskulelærarane sin kamp. Eg les innlegget hennar der ho manar oss til å stå saman. Stå saman om kva?
Før siste landsmøtet fatta Utdanningsforbundet Førde vedtak om at førsteprioritet i Utdanningsforbundet måtte vere kamp for å få tilbake forhandlingsretten med Staten. Saman med 10–11 andre fylkeslag tok Sogn og Fjordane dette vidare til landsmøtet. Alt kokte bort i kålen, delvis fordi lærarstemmene ikkje fekk råde.
I fleire innlegg frå mellom anna Rygge lokallag, Jan Geir Ollestad, Eivind Gimse, Karl Erik Larsen, Utdanningsforbundet Voss, Utdanningsforbundet Bergen, Utdanningsforbundet Askvoll og Utdanningsforbundet Sarpsborg kjem det klårt fram kva mange meiner om vårt forhold til KS, Gnist-kampanje og lønsutvikling. Slikt må vi få meir av! Og landsmøtedelegatane må ha klare krav å halde seg til.