Folk som er underprivilegerte, fattige, utsett for handelsblokade eller som er offer for massive flyangrep med høgteknologiske våpen, treng rask hjelp. Mads Gilbert og Erik Fosse gav slik hjelp da folk på Gaza-stripa vart utsett for massive flyangrep årsskiftet 2008–09.
Det er flott at det finst personar som Gilbert og Fosse, som ikkje berre snakkar om å hjelpe folk i nød, men faktisk går til handling. Når Israel, som verdas femte største militærmakt, går til massivt angrep på skular og sjukehus med mange barn til stades, så er hjelpebehovet uuttømmeleg.
All ære til folk som finn tid og høve til å hjelpe folk i ein håplaus situasjon. Sjølv om nokon finn det viktig å spørje KVIFOR Israel går til eit slikt angrep som her er nemnt, så er det like fullt uakseptabelt å angripe barn med militære styrker.