Barnehage
| Publisert
17.07.2012 06:00
| Oppdatert
13.08.2012 16:09
Bystyret vedtok 26. mars i år å redusere arealnorma for dei kommunale barnehagane i Bergen. I den justerte norma er innandørsarealet per barn under tre år 5 kvadratmeter, mot 5,3 kvadratmeter i dei nasjonale retningslinene, ifølgje fylkesmannen.no.
Rettleiaren til forskrift for miljøretta helsevern i barnehagar og skular gir faglege tilrådingar om arealnorma. Rettleiaren er ikkje juridisk bindande, men gir uttrykk for fagleg forsvarlege normer på området. Fylkesmannen oppfattar samstundes normene som eit rettleiande minimum, som ikkje uttrykker ein romsleg standard. Dersom kommunar vik frå tilrådingane, må dei vere budde på å grunngje det særskilt.
Konsekvensar for sakshandsaminga
Fylkesmannen er uroleg over framgangsmåten Bergen kommune har vald i denne saka. Vedtaket frå Bergen bystyre kan etter vår vurdering føre til sakshandsamingsfeil når kommunen handsamar søknader om godkjenning av kommunale barnehagar.
Etat for helsetjenester skal godkjenne kommunale barnehagar etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Desse vurderingane skal alltid byggje på forholdsmessigprinsippet, til dømes uteareal, talet på personale per barn og leikemoglegheiter. Fylkesmannen ser det slik at vedtaket om å redusere arealnorma vil kunne låse skjønnsvurderinga til etaten på førehand. Det kan derfor bli vanskeleg for etaten å gi ei særskilt, fagleg forsvarleg grunngjeving av redusert arealnorm i kvar enkelt sak.
Fylkesmannen har ikkje mynde til å oppheve eller stadfeste vedtaket frå Bergen bystyre og har difor avgrensa seg til å uttale seg om tolkinga av regelverket, og gi råd til Etat for helsevern i saka.