Grunnskole
| Publisert
18.06.2012 14:02
| Oppdatert
20.06.2012 09:50
Det er Fylkesmannen i Hordaland som har gjennomført oppfølgingstilsyn med Tysnes og Askøy kommune, som begge hadde tilsyn hausten 2010.
Resultata av tilsynet i begge kommunane er at skulane arbeider meir systematisk og målretta, dei har tydelegare rutinar for arbeidet og dei tilsette opplever at dei er tryggare på at dei arbeider riktig i høve til å sikre elevane eit godt psykososialt miljø.
Begge kommunane har følgt opp tilsynsresultata ved å involvere leiarane på skulane som ikkje hadde tilsyn i oppfølgingsarbeidet.
Det er Utdanningsdirektoratet bad Fylkesmannen om å gjennomføre oppfølging av nasjonalt tilsyn med skulane sitt arbeid med det psykososiale miljøet til elevane. Formålet med tilsynet er hovudsakleg å undersøkje om skuleeigarane har sørgja for å endre praksis i tråd med dei pålegga om retting som Fylkesmannen tidlegare har gitt.
Eit anna formål er å bidra til at kommunen oppfyller skuleeigaransvaret sitt overfor dei skulane som tidlegare har vore involvert i tilsynet, men også overfor dei andre skulane i kommunen.