Samfunn
| Publisert
15.05.2012 10:59
| Oppdatert
15.05.2012 11:10
Dei 1 000 nye studieplassane skal særleg hjelpe til å dekkje kompetansebehov innanfor realfag og teknologi, helsefag og førskole- og lærarutdanning, seier Kristin Halvorsen.
Søkjartal i år frå Samordna opptak viste at 6,6 prosent fleire enn i fjor ønsker å starte ei høgre utdanning. I tillegg er det auka søkning til lokale opptak.
- Særleg gledeleg var det at søkjartala til prioriterte fagområde, som førskole- og lærarutdanning og ingeniørutdanningane viste ein solid oppgang, seier kunnskapsminister Halvorsen i ei pressemelding.
– Med så mange søkjarar var det nødvendig å ta grep for å motverke lange ventelister til hausten for å kome inn på utdanningar som gir kunnskap Noreg har eit stort og aukande behov for, seier Halvorsen.
Den raudgrøne regjeringa har også tidlegare løyvt midlar til nye studieplassar. Med plassane i årets reviderte nasjonalbudsjett har regjeringa i perioden 2006 - 2016 etablert 23 300 nye studieplassar.
Studentar NRK har snakka med, synes auken i studieplassar er liten - det trengs ei enda sterkare satsing i tida som kjem, meiner dei.
Dei 1 000 nye studieplassane skal særleg hjelpe til å dekkje kompetansebehov innanfor realfag og teknologi, helsefag og førskole- og lærarutdanning. Studieplassane vil fordelast til område der det er påviste behov, rekrutteringsgrunnlag og opptakskapasitet.
Andre prioriteringar:
Morsmålsopplæring
Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til å utvide og forbetre den digitale læringsressursen Morsmal.no samt til å utvikle kartleggingsprøvar i grunnleggjande norsk og på ulike språk for minoritetsspråklege elevar. Den digitale læringsressursen gjer det mogeleg for elevar å bruke morsmålet uavhengig av om skulane har tilgjengelege morsmålslærarar eller ikkje. På den måten kan barn og elevar dra nytte av den totale språkkompetansen sin.
Opplæring i kriminalomsorga
Regjeringa forslår å auke tilskotet til opplæring i kriminalomsorga med 5 millionar kroner. Midlane skal gå til styrking av opplæringstilbodet ved Hustad fengsel på grunn av utvida soningskapasitet og opplæring ved eigne avdelingar for soning for barn og unge i Oslo og Bergen.
Dette er soningsforhold som skjer utanfor dei ordinære fengsla. Ei styrking av ressursane skal hjelpe til at desse elevane får ei opplæring som er tilpassa utgangspunkta og behova deira.
Barnehageplassar
Det blir forventa eit større behov for nye barnehageplassar enn det som blei lagt til grunn i statsbudsjettet for 2012 som følgje av endringane i kontantstønadordninga for eitt- og toåringar. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til kommunane med 122 millionar kroner.