Videregående
| Publisert
12.06.2012 10:12
| Oppdatert
12.06.2012 10:13
Bjarne Kvalsvik (Sunnmørslista) kom med utblåsinga då fylkestinget diskuterte korleis dei skal rekruttere nok fagutdanna lærarar til den vidaregåande skulen, skriv Romsdals Budstikke.
Høyres representant og leiar av kontrollutvalet, Knut Anders Oskarson (H), sette fram forslaget om differensiert løn for lærarar i vgs.
– Vi må vurdere løn i sterkare grad enn i dag. I ein del yrkesretta utdanningar konkurrerer vi med det private næringslivet om kompetent arbeidskraft. Det er naivt å tru at løn ikkje er viktig, seier Oskarson.
Han peiker på at situasjonen omkring lærarrekruttering er alvorleg. Ikkje noko fylke har så mange lærarar over 50 år som Møre og Romsdal, og kvar femte lærar i den vidaregåande skulen i fylket er over 60 år.
– Det er flott at dei vil stå på. Men det er illevarslande at tre firedelar av rektorane melder tilbake at dei har vanskar med å rekruttere lærarar. Ein konsekvens er at nokre jobbar så mykje overtid at dei tener meir enn fylkesordføraren, seier Oskarson.
Ifølgje Torgeir Dahl (H) har fylkestinget alt har opna for ulik løn. Han påpeiker at få rektorar nyttar seg av dette.
– No må vi tenke nytt. I tillegg til meir differensiering av løn må vi også leggje til rette for gjensidig hospitering for lærarar og tilsette i næringslivet. Betre kjønnsbalanse er også ei utfordring, menn er i ferd med å falle ut av vidaregåande skule, seier Dahl.