Pedagogikkfaget i lærarutdanninga – offer for gode intensjonar?

I regjeringa sitt strategidokument «Lærerløftet» kan vi lese om den gode læraren. Det blir sagt at «like viktig som fagkunnskap er (…) bred pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse.»

 

Læraren skal også vere ein tydeleg klasseleiar, god rettleiar og tilretteleggjar, ha god struktur i undervisninga, etablere reglar og rutinar, ha høge forventningar til korleis elevane skal utvikle seg fagleg og sosialt, utvikle positive relasjonar til elevane, vere i stand til å analysere og forstå læringsfellesskapen i klasserommet, og ta omsyn til elevar sine ulike føresetnader. Alt dette skal altså ha stor betydning for elevane sine læringsresultat og åtferd.   Er det å svekke pedagogikkfaget i lærarutdanninga ein god måte å sikre «bred pedagogisk kompetanse» for å møte desse utfordringane?

I høyringsnotatet om forslag til ny forskrift og plan for 5-årig lærarutdanning, foreslår Kunnskapsdepartementet å endre namn på pedagogikkfaget i grunnskulærarutdanninga frå pedagogikk og elevkunnskap til profesjonsfag. Samtidig skal 15 studiepoeng – altså ein fjerdedel – av pedagogikkfaget erstattast av ein modul religion, livssyn og etikk, altså står det att 45 studiepoeng til sjølve pedagogikkfaget (orsak, profesjonsfaget).

 

Rammeplanutvalet foreslo i si innstilling for 5-årig lærarutdanning at namnet for faget skulle vere pedagogikk, og at dei 15 poenga RLE skulle «innbakast» i pedagogikkfaget. Sjølv om ein kan stille spørsmålsteikn også ved det siste resonnementet, har dette har altså vorte skjerpa i Kunnskapsdepartementet sitt endelege forslag – noko som kan oppfattast som at pedagogikkfaget i verste fall vert redusert med ein fjerdedel.

I høyringsnotatet frå departementet kan vi lese: «Betegnelsen profesjonsfag erstatter dagens forskrifts betegnelse "Pedagogikk og elevkunnskap", og er ikke ment å innebære substansielle endringer i forhold til dette faget.» Og kva overskrift i notatet står så dette sitatet under? Jau, Overskrifta «Substansielle endringer», og etter avsnittet fyl fleire andre område som nettopp skal ha slike endringar. Meir talande kan det knapt verte. Når ein definerer ein heil 15-poengs modul frå eit anna fag inn i pedagogikkfaget, er det jo nettopp substansen – innhaldet – ein endrar på. I tillegg må noko ut dersom dette skal inn, overlapping eller ikkje, og dette vil også påverke innhaldet i faget.

 

Kvifor så skifte namn dersom det ikkje inneber ei endring? Dersom ein ser berre på sjølve namneendringa, inneber det i seg sjølv ei grunnleggjande endring i korleis ein oppfattar dette pedagogikkfaget. Faget er både kulturfag og forskingsfag i tillegg til at det er knytt til ein profesjon. Ei namneendring inneber at ein ser bort frå desse perspektiva ved faget, noko som vert paradoksalt når t.d. ein av intensjonane i den nye utdanninga er at ein skal ha eit auka forskingsfokus. I tillegg fjernar ein seg frå ein tradisjon som har lagt grunnlaget for vår forståing av kva god undervisning er, og som også handlar om meir enn sjølve lærarprofesjonen.

Når ein ser på utbyteformuleringane som vert foreslått for utdanninga i høyringsutkastet, ser ein at fleire av dei skildrar kompetanse på fleire område som ikkje let seg dekke gjennom skulefaga, men som har hatt sitt naturlege tilhøyre i pedagogikkfaget. Når no pedagogikk skal få mindre plass, kven skal ta seg av utviklinga av denne kompetansen? Vert ein nødvendigvis betre til å byggje relasjonar med ein klasse om ein har meir fagkompetanse i engelsk? Er ein betre i stand til å forstå elevar si utvikling av sosial kompetanse om ein kan meir matematikk? Greier ein i større grad å samarbeide på ein god måte med heimen, og kan ein møte mobbe-utfordringane som øydelegg liv i norsk skule dersom ein får fleire studiepoeng i engelsk? Og får ein meir kompetanse i avdekking av overgrep, og samarbeid med hjelpeinstansar om ein har 15 studiepoeng i RLE – faget?

 

Studentane mine på grunnskulelærarutdanninga etterlyser meir pedagogikk, ikkje mindre. Ifølge høyringsutkasta frå departementet skal det heller ikkje vere nok at studentane har litt kunnskap på område som pedagogikkfaget tradisjonelt har dekt, kunnskapen skal vere «inngåande». Med 45 studiepoeng pedagogikk i løpet av heile utdanninga – kan ein få «inngåande» kunnskap – for ikkje snakke om solide ferdigheiter og djuptgåande generell kompetanse?

I aftenposten si nettavis kunne ein 29.01.15 lese i ein kronikk av Røe Isaksen at : «fordi (grunn)skolen er vår felles arena, er den også sårbar for byrden av de gode intensjoner.» Han kan nok ha rett i at «The road to hell is paved with good intentions», som eit gammalt ordtak så treffande uttrykker det. No vil det nok vere for drygt å påstå at det nødvendigvis er den vegen lærarutdanninga går, men i iveren for å auke lærarar sin fagkompetanse – som nettopp er ein god intensjon ein kan synest er nobel, kastar Røe Isaksen og hans følgjesveinar både mor og barn ut med badevatnet dersom dette forslaget går gjennom. Vidare seier han om stofftrengselen i grunnskulen: «De har de beste intensjoner, men summen kan lett bli en fragmentert skole hvor fagene og kunnskapen får mindre plass.» Slik eg ser det, kan intensjonen om meir fagkunnskap inn i lærarutdanninga føre til ei fragmentert lærarutdanning – der pedagogikkfaget, som nokon tidlegare har kalla «limet» i denne utdanninga, vert svekka – og heilskapen står i fare for å forsvinne.  

Følgjegruppa for Grunnskulelærarutdanninga peika i sin rapport i 2015 på korleis det noverande pedagogikkfaget har vorte meir profesjonsretta enn pedagogikkfaget har vore i tidlegare tider, og slik vorte eit fag mange er nøgde med. Samtidig peikar dei på openberr stofftrengsel, og kjem med følgjande tilråding til Kunnskapsdepartementet: «Følgegruppen ber Kunnskapsdepartementet se til at PEL-faget ikke blir et oppsamlingsfag for alle gode intensjoner.»

Å forvente bortimot same innhald på færre studiepoeng, og å innføre ein modul RLE i faget kan ikkje seiast å vere eit adekvat svar på følgjegruppa si oppfordring. Vi ønsker lærarar som er gode på klasseleiing, på å førebyggje og gripe inn ved mobbing, som kan nok om barn si utvikling og føresetnader til å kunne gje god tilpassa opplæring, og som kan samarbeide med heimen og hjelpeetatar på ein god måte. Får vi dette ved å redusere fokuset på pedagogisk kunnskap, ferdigheiter og haldningar? På toppen av alt dette som vil svekke pedagogikkfaget som fellesfag, ser vi at det i den nye utdanninga ikkje vert mogleg å ta ein master i eit pedagogisk fag – som spesialpedagogikk eller fleirkulturell pedagogikk.

 

Så kan ein no spørje seg kva slags faglege vurderingar som ligg bak dei «substansielle» endringane eg opplever som ministerens rasering av pedagogikk- faget i lærarutdanninga, gode intensjonar til trass. Pedagogiske er dei i alle fall ikkje.

 

  • Gunhild Nordvik Reite er høgskulelektor i pedagogikk ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

 

Powered by Labrador CMS