Høyring om barnehagar i Stortinget i dag
Torsdag har Stortingest familie- og kulturkomite høyring om stortingsmeldinga «Tid for lek og læring Bedre innhold i barnehagen». 14 organisasjonar er kalla inn for å seie si meining om meldinga.
Først ut er Utdanningsforbundet med nestleder Hege Valås, som er barnehagelærar og sit i arbeidsutvalet i Utdanningsforbundet. Så kjem Fagforbundet med arbeidsutvalmedlem Mette Henriksen.
Etter dei kjem Fellesorganisasjonen, KS, Skolelederforbundet, Private Barnehagers Landsforbund, Abelia, Foreldreutvalet for barnehagar, Noregs Mållag, Steinerbarnehageforbundet, Norske Kveners Forbund, Omep; verdsorganisasjon for små barns læring og utdanning, Norsk friluftsliv og Friluftrådenes Landsforbund.
Det er sett av fire timar til høyringa, inkludert ein pause på ein halv time.