Vil ikkje ha elitelag i ungdomsfotballen

Distriktskretsane Halland- og Skåne Fotballförbund vil ikkje lenger setje opp distriktslag i ungdomsfotballen, melder avisa Dagens Nyheter.

Argumentet er at dei ikkje vil ha elitesatsing for aldersbestemte lag. Dette skjer mindre enn eitt år etter at Halland Fotballförbund vann distriktsturneringa med både laget for jenter 17 år og gutar 17 år.

- Vårt oppdrag er ikkje å stengje ungdommar ute frå fotballen gjennom å opprette elite- og distriktslag, seier likevel styreleiar i Halland, Johan Johqvist.

Han viser til forsking som seier at spesialisering i idrett ikkje er bra, og at ein ikkje tidleg kan sjå kven som er fotballtalent og ikkje. I staden for elitesatsing vil fotballkretsane Halland og Skåne satse på fleire og betre fotleiarar for barn og unge. Med det vil fleire ungdomar blir rekruttert til fotballen, og sjansen for å få inn gode spelarar blir større.

Johquist avviser påstandar om at Halland Fotballförbund ikkje vil ha vinnarar.

- Vi vil vinne kvar einaste kamp. Men i dag er resultata blitt viktigare enn prestasjonen. Trenarane tar sikkert ut rett lag, men ikkje dei rette spelarane. For meg blir det heilt feil, seier Johquist.

Powered by Labrador CMS