Analytikarar spår samanslåing av kultur og utdanning i ny svensk regjering

Kulturdepartementet og utdanningsdepartementet blir slått saman i den nye svenske regjeringa, spår svenske analytikarar.

– Eg gjettar at Gustav Fridolin blir minister for eit departement slått saman av Utdanningsdepartementet og Kulturdepartementet, seier Mats Söderlund, leiar for Samarbeidsnemnda for kunstnarlege og litterære yrkesutøvarar, til avisa Dagens Nyheter. 

Gustav Fridolin representerer Miljöpartiet i Riksdagen. Han er folkehøgskolelærar og har vore aktiv i både Lärarförbundet och Svenska folkhögskolans lärarförbund.

 – Fridolin har engasjert seg i både kulturspørsmål og utdanningsspørsmål, seier Söderlund til avisa.

Også tidlegare kulturminister for Sosialdemokratene, Bengt Göransson, trur, eller i alle fall vonar, at det blir ein departementsfusjon. 

– Eg meiner det var ei ulukke at vi delte utdanningsdepartementet i to og oppretta eit eige kulturdepartement i 1994. I den augneblinken var skolen utan kultur og redusert til berre ein utdanningsinstitusjon, seier han.