«Barnehagane kan bli ein salderingspost i kommunar med trong økonomi»
Barnehagelærar, i år kan arbeidstida di bli ei kampsak. Vi vil at du skal vere budd til å stå i den kampen.
Utdanningsforbundet har kjempa for å gje oss betre rammer for arbeidet som vert gjort utanfor avdelinga, nettopp for å auke kvaliteten på arbeidet i avdelingane. Utdanningsforbundet sitt krav er minst fire timar til for- og etterarbeid, disponert av den einskilde barnehagelærar i tillegg til minimum to timar per veke til fagleg samarbeid.
Forhandlingane enda med brot og saka skal no avgjerast av ei sentral nemnd. Når nemnda kjem med si avgjersle står Utdanningsforbundet ovanfor eit vanskeleg val. Skal ein godta den nye avtala nemnda kjem med eller skal ein ta arbeidstid i barnehage inn i tariffoppgjeret? Kva vil det føre med seg? Kva utfordringar står vi då framfor? Vil foreldre og andre støtte oss i kampen for fleire timar til planlegging? Vil medlemmane i skulen støtte opp og ikkje minst; vil våre eigne barnehagemedlemmar syne at dei støttar saka? Det er eit stykke fram til ein eventuell streik, og den kan bli langvarig for barnehagelærarane. Er medlemane i barnehagen klar til å ta den kampen?
Korleis kan medlemmane støtte opp om ei eventuell konflikt? Dersom det vert markeringar treng vi at alle medlemmane engasjerer seg. Utdanningsforbundet er ingenting utan medlemmane sine – men saman er vi sterke.
Det er viktig at både styrarar og barnehagelærarar står samla i denne saka. KS ønskjer det dei kallar lokal handlefridom og skyv ansvaret for nok planleggingstid over på styrarane utan å auke rammene.
Barnehagane kan bli ein salderingspost i kommunar med trong økonomi. Utdanningsforbundet ønskjer nasjonale rammer, som sikrar god kvalitet i alle barnehagar, uavhengig av økonomien til kommunen du bur eller er tilsett i. KS seier dei har stor tillit til at styrarane kan gje barnehagelærarane den tida dei treng til planlegging.
Vi har også stor tillit til styrarane våre, men ikkje til dei rammene styrarane skal arbeide etter. Både styrarar og barnehagelærarar må spele på lag for å få auka planleggingstida og dermed bidra til å skape ein betre barnehage. Vi må syne at vi er engasjerte og dyktige profesjonsutøvarar som varslar om at vi ikkje får gjort jobben godt nok.
Dette er ein kamp for barna, for kvalitet og for god utdanning. Kvalitet krev tid!
Heia oss!
- Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad er fylkesstyremedlemmar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane