Spennande om spenningsfeltet i lærarutdanninga
Denne boka er i seg sjølv eit godt døme på samanheng mellom teori og praksis.
Å bli lærer. Danning og profesjonsutvikling
Av Anne Elise Rønbeck og Sidsel Germeten (red.)
Akademika forlag 2014, 205 sider
En hel del folk foragter teori,
men lever paa en praktisk idioti
med skjulte gale teorier i.
Thi hvad kan tænkes, siges eller skrives,
i hvilket ikke teorier kives?
– Med teori skal teori fordrives.
(Kumbel)
Dette verset av Piet Hein kom meg i hug då eg las boka «Å bli lærer. Danning og profesjonsutvikling». Som ein raud tråd gjennom boka går nemleg utfordringa med å få teoriar og praksisar i lærarutdanninga til å bli ein felles del av den danningsprosessen som er nødvendig om målet skal bli myndige og profesjonelle lærarar. I målsetjingane for lærarutdanninga er det liten tvil om at idealet er reflekterte og praksisforskande lærarar. Teoretisk forankring og kritisk refleksjon over praksiserfaringar skal mellom anna vere sentrale trekk ved lærarprofesjonaliteten. Ein myndig lærar skal ikkje berre kunne vurdere dei ulike tilretteleggingane i klasserommet eller i den konkrete læringssituasjonen, men òg kunne vurdere dei rammefaktorane som verkar inn på læraren sitt handlingsrom.
På bakgrunn av dei mange organisatoriske endringane av lærarutdanninga dei siste åra, er det interessant med ei forskingsbasert tilnærming som går inn til kjernen av lærarutdanninga. «Å bli lærer» er resultat av eit samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane i Nord-Noreg og er ei samling artiklar av fagfolk som har både erfaring og forskingsbasert kunnskap frå lærarutdanning og undervisning. Mary Brekke analyserer lærarutdanninga sitt danningsprosjekt i eit historisk perspektiv. Då kristendomskunnskap, morsmål og historie var det rådande paradigme, kunne lærarane stå fram med autoritet for den oppveksande slekt. I den digitale danningsreisa blir generasjonskløfta ei større samfunnsmessig og pedagogisk utfordring.
Gjennom mange endringar av fag, organiseringar og arbeidsmåtar i lærarutdanninga har praksiskomponenten overlevd. Kvifor er det slik, og kvifor er det så vanskeleg å få erfaringane frå praksisfeltet til å bli av den teoretiske diskursen som går føre seg i fagstudium? Kva er det som faktisk formar studentane sin lærarrolle? Korleis fungerer pålegget om at lærarutdanningsinstitusjonane skal sikre samanhengen mellom praksisfeltet og teoristudium på campus?
Ann Elise Rønbeck har intervjua praksislærarar om kva som er viktig i diskusjonen med lærarstudentane. Rigmor Mikkelsen har intervjua to studentar i starten på studiet om kva dei meinte var viktig i utviklinga som lærar. Elsa Løfsnæs har intervjua to lærarstudentar i avslutninga av studiet om deira vurdering av kunnskapsgrunnlaget for lærargjerninga. Løfsnæs, Jarvoll og Dalen har intervjua både praksislærarar og studentar om kva som blir vektlagt i praksisrettleiinga og i vurderinga av lærarstudentane si undervisning. Anne Grete Solstad har spurt 40 lærarstudentar om korleis praksisopplæringa førebur studentane til sin profesjonsrolle. Alle desse artiklane kastar lys over spenningsfeltet mellom dei to danningstradisjonane i lærarutdanninga. Når praksislærarar formulerer at dei i liten grad fokuserer på teoretisk refleksjon i møtet med studentane, og studentar på si side formidlar at dei ikkje opplever at praksislærarar er opptekne av å finne samanheng mellom lærarprofesjonen sitt teoretiske fundament og erfaringane i møtet med elevane, då har lærarutdanninga ei utfordring med å legitimere det danningsoppdraget som er nedfelt i nasjonale retningsliner for lærarutdanninga.
I forsøksprosjektet «Pilot i Nord» blir ei femårig grunnskolelærarutdanning prøva ut ved Universitetet i Tromsø. Her skal studentar, praksislærarar ved såkalla universitetsskolar og fagpersonalet ved universitetet, samarbeide om ei forskings- og utviklingsbasert og praksisnær lærarutdanning. Anne G. Danielsen, Rachel Jakhelln og Karin Rørnes har forska på erfaringane.
«Å bli lærer» er ei svært relevant bok for alle som er opptekne av lærarutdanning. Boka bør bli pensum, ikkje berre for lærarstudentar, men også for praksislærarar og fagpersonale ved lærarutdanningane. Den sterke vektlegginga på forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanninga må føre til meir av den praksisnære forskinga, og samarbeidet mellom lærarutdanningsinstitusjon og skoleverket må styrkast. Her ligg eit stort uutnytta potensial for skoleutvikling. Denne boka stimulerer til refleksjon over praksis i lærarutdanninga og er i seg sjølv eit godt døme på samanheng mellom teori og praksis. Boka er med dette anbefalt på det varmaste!