Eg har følgt fagfornyinga ganske nøye, og har vore særleg spent på korleis desse fagovergripande temaa Folkehelse og livsmestring, Bærekraftig utvikling og Demokrati og medborgerskap ville påverke skulefaga. Kom det til å bli kunstige tilføyingar som tok vekk tid frå meir naturlege faglege kjerneoppgåver, eller kom dei tre temaa til å bli definerte på faga sine vilkår?
Eg var litt skeptisk i byrjinga, men for kvart nytt læreplanutkast har temaa fått stadig sterkare fagleg ankerfeste. Dei tre temaa utgjer ein etisk og fagleg einskap, og det er tema som treng tverrfagleg engasjement og involvering om vi skal få festtalen ned i praksis.
Det betyr ikkje at vi skal vrake timeplan og faggrenser, men at vi har tre nye kjelder til inspirasjon for meiningsfull undervising. Alle faga kan og skal sjølvsagt ikkje gjere like mykje ut av desse temaa, men alle faga kan gjere noko ut frå fagleg eigenart. At dei ulike fagplanane har ulikt omfang med omsyn til innslag av dei tre temaa er heilt sjølvsagt. For å bruke ein gamal klisjé: Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.
Dei tre temaa heng nøye saman, og for norskfaget sin del er det for meg heilt naturleg og sjølvsagt at alle tre skal finnast i norskfaget. Når KD (Kunnskapsdepartementet) no gjer seg til fagleg overdommar og tek vekk «berekraftig utvikling» frå utkasta til læreplan for norskfaget er det eit grep som øydelegg den tverrfaglege heilskapen og gjer faget mindre normativt og verdimessig forpliktande.
Les også: Fagfornyelsen - veien til ei bærekraftig utvikling?
Det ironiske ved at KD har teke vekk «Berekraftig utvikling» frå norskfaget, er at det i utgangspunktet er eit eksisterande fagområde i didaktikk/litteraturforsking, medan verken «Folkehelse og livsmestring» eller «Demokrati og medborgerskap» er det!
I og med at KD har avgjort at norskfaget då likevel ikkje vere med å ta ansvar for berekraft, skrur det norsklæreplanen sine ambisjonar på berekrafta sine vegne ned til same nivå som mønsterplanen av 1974 (M74). Her kan vi lese at undervisinga om natur- og miljøvern hovudsakleg skulle skje i «naturfag, men også samfunnsfag, kristendom og heimkunnskap» (Sinnes og Straume 2017: s. 2)
Litteratur- og tekstforskinga har kome langt sidan 1974, og i dag er økokritisk tilnærming eit fagområde i stor framgang og vekst i didaktikk- og litteraturforsking. Miljø- og berekraftspørsmål er ikkje lenger avgrensa til fagartiklar i realfaglege og samfunnsfaglege skulefag, men er ein naturleg del av dei humanistiske faga. «Mjuke» fag er og viktige for «harde» problemstillingar.
Kva heilskap er det desse fagovergripande temaa gjev til norskfaget? Faktisk er det «berekraftig utvikling» som er det overordna og samlande omgrepet her, som skaper samanheng mellom dei to andre. «(Berekraftig utvikling) dreier seg om å skape sammenheng mellom det som angår personlige forhold (livsmestring), politisk-samfunnsmessige prosesser (demokrati og medborgerskap) og hensynet til natur og kommende generasjoner.» (Ibid.)
I det følgande vil eg vise dei tekstane som læreplangruppa i norsk foreslo som førande for norskfagets sitt forhold til dei tre fagovergripende tema, og korleis eg som norsklærar vil forstå dei.
Folkehelse og livsmeistring
I norskfaget handler det tverrfaglige temaet folkehelse og livsmestring om å utvikle elevenes evne til å uttrykke seg skriftlig og muntlig. Dette gir grunnlag for å kunne gi uttrykk for egne følelser, tanker og erfaringer, noe som er viktig for å håndtere relasjoner og delta i et sosialt fellesskap. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa kan både bekrefte og utfordre elevenes selvbilde og dermed bidra til deres identitetsutvikling og livsmestring.
Dette er norskfagleg kjerneaktivitet. Lesing og skriving er grunnleggande dugleikar, og temaet kan gje oss idear om både kva vi skal skrive og lese om. Dette temaet vil vere ei inspirasjonskjelde for å arbeide med elevane sitt språk om seg sjølv og det å vere menneske, og gjennom val av litteratur og arbeidsformer er det mogleg å bygge opp under den variasjonen av identitetar som er i eitkvart klasserom, både med omsyn til etnisk bakgrunn, kjønn og psykisk/fysisk helse. Respekten for andre vil gjerne starte med respekt for seg sjølv, og norskfaget er mangfaldet sitt fag. Sjølvsagt skal norskfaget arbeide med Folkehelse og livsmeistring.
Demokrati og medborgerskap
I norskfaget handler det tverrfaglige temaet demokrati og medborgerskap om å utvikle elevenes muntlige og skriftlige retoriske ferdigheter, slik at de kan gi uttrykk for egne tanker og meninger og delta aktivt i samfunnsliv og demokratiske prosesser. Elevene øver opp evnen til kritisk tenkning gjennom kritisk arbeid med tekster og ytringer, og lærer seg å håndtere meningsbrytninger gjennom refleksjon, dialog og diskusjon. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa gir elevene innblikk i andre menneskers livssituasjon og utfordringer. Dette kan bidra til forståelse, toleranse og respekt for andre menneskers synspunkter og perspektiver, og legge grunnlag for konstruktiv samhandling.
Gjennom å utforske språket, sjangrane og tekstverda rundt oss utviklar vi oss sjølve, og i det multikulturelle klasserommet er det avgjerande med tekstval som både kan støtte opp under dei identitetane som er i klasserommet, men og utfordre og utvikle eksisterande haldningar og forståingar. OECD har som ein av sine nøkkelkompetansar det å «interagere i heterogene grupper», og då treng vi eit språk å skjøne kvarandre med, og forteljingar å treffast i. Norskfaget er eit brubyggande fag, og språket og litteraturen er steinane som bruene er bygde av. Sjølvsagt skal norskfaget arbeide med demokrati og medborgarskap
Berekraftig utvikling
«Gjennom arbeid med norskfaget utvikler elevene kunnskap om hvordan tekster framstiller naturen og forholdet mellom mennesket og dets fysiske omgivelser lokalt og globalt. Gjennom fagets tekstmangfold, kritisk lesing og dialog utvikler elevene evnen til å forstå og håndtere meningsmotsetninger og interessekonflikter som oppstår når samfunnet endres i en mer bærekraftig retning. Norskfaget bidrar til at elevene myndiggjøres til å handle og påvirke samfunnet gjennom språket.»
Dette temaet kan hjelpe elevane til å løfte blikket frå seg sjølv og det lokale, til naturen, det globale og den store rekneskapen mellom korleis vi på verdsbasis vel å innrette oss med omsyn til velferd. Det økokritiske perspektivet i norskfaget minner oss på det nære sambandet mellom handlingar og haldningar, og korleis vi gjennom dei språklege vala våre skriv eller talar oss inn i verda på ein måte som både reflekterer og produserar etiske standpunkt. Frå emnebeskrivelsen til eit litteraturteoretisk emne ved Universitetet i Oslo:
«Økokritikk kan sies å være et kritisk selvgranskings- og selvhjelpsprosjekt, som undersøker hvordan historiens handlinger og tenkemåter overfor naturen manifesterer seg i skrivekunsten. Den analyserer forestillingene om forholdet mellom menneske og natur, menneske og dyr, natur og kultur, og undersøker den antroposentriske ideologiens, teknologiens og vitenskapens manifestasjoner i litteraturens fremstillinger.»
Norskfaget har gjennom sine tekst- og metodeval potensial til å ta medansvar for ei berekraftig framtid. Gjennom kritisk lesing av samtida (og fortida) sine tekstar vil eg som norsklærar gjere det eg kan for at ungdommane veks opp til å bli medvitne, kunnskapsrike og kompetente borgarar. Norskfaget skal stelle med mykje meir enn dei tre fagovergripande temaa, men dei kjem ikkje til å fortrenge noko av dette andre. Tvert om vil det kunne fungere som tre inspirasjonskjelder for litteratur- og metodeval. Det er ikkje eitt feitt kva elevane les og skriv. Å bruke aktivt dei største utfordringane vi har i samtida som fagleg bakteppe er noko av det mest ansvarlege og relevante vi kan gjere i dag.
Eg vil difor ha alle tre fagovergripande tema i norskfaget. KD må kjenne si besøkstid, og levere berekrafta høfleg tilbake til planutkastet, med bukk, orsaking og «takk for lånet».
Det er det truverdige og anstendige å gjere. Morgondagen fortener at vi kjem oss lenger enn mønsterplanen av 1974, eller kanskje framtida fortener at vi bles støvet av deler av denne planen:
«Skolen må gjennom sin undervisning gi elevene forståelse for naturens betydning for vårt [sic] liv, ikke bare økonomisk, men også som kilde til rekreasjon og som inspirasjon i forskning og undervisning. De farer som truer vårt livsmiljø gjennom hensynsløs utnytting av naturressursene, og ved forurensing av jord, vann og luft må klarlegges for elevene slik at de vekkes til ansvar for å hindre ødelegging av naturverdier, og dessuten anspores til å gjøre en aktiv innsats for å bevare verdiene for kommende slekter. (Mønsterplan for grunnskolen, 1974, s. 277)»
Litteratur:
Astrid T. Sinnes og Ingerid S. Straume (2017) Bærekraftig utvikling, tverrfaglighet og dybdelæring: fra big ideas til store spørsmål. Acta Didactica VOL 11, Nr3. https://utdanningsforskning.no/artikler/barekraftig-utvikling-tverrfaglighet-og-dybdelaring-fra-big-ideas-til-store-sporsmal/
Mønsterplan for grunnskolen (M74) https://www.nb.no/nbsok/nb/27717cffb91e04bca5ed6b5f90ec1034?lang=no#279