Bergen-byrådet vil ha fleire kommunale barnehagar
Bergen-byrådet vil byggje nye kommunale barnehagar for at familiane skal få barnehage nær heimen. Det vil skjerpe konkurransen om barnehagebarna.
Arbeiderparti-byrådet har som mål at den kommunale andelen av barnehageplassane aukar. Det skal skje ved at kommunen byggjer fleire barnehagar, heiter det i den politiske plattforma for byrådet i Bergen. Partia Arbeidarpartiet, Miljøpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti utgjer byrådet.
– Vi vil at familiane skal ha kort veg mellom barnehagen og heimen, seier byråd for oppvekst Linn Kristin Engøy til Utdanningsnytt.no
– I fjor klarte vi for første gong å gi alle barnehageplass i den bydelen der dei bur. Da er det naturleg at neste mål blir at familiane skal få barnehageplass der dei bur. Men for å få det til må vi truleg byggje nye barnehagar på stader der det ikkje er barnehageplassar nær nok, seier Engøy.
– Tyder det at de vil ha konkurranse mellom kommunale og private barnehagar om barnehageplassane?
– Sytti prosent av barnehageplassane i Bergen er private. Det er som sagt eit mål for oss å få fleire kommunale plassar. Barnehagemarknaden er alt prega av hard konkurranse. Vi vil at kvalitet skal vere konkurransekriteriet, seier Linn Kristin Engøy.
Tillit til lærarane
I den same politiske plattforma står det at i skolen må aktiviteten i større grad basere seg på tillit til lærarane sin kunnskap, og mindre til testar, målstyring og byråkratiske ordningar.
– Kva tyder det i praksis?
– Ein viktig bit blir å arbeide med tidstjuvane. Og vi må ha eit godt samarbeid med lærarorganisasjonane, seier Linn