Nye korona-tiltak for skolar og barnehagar kjem mandag
Kunnskapsminister Guri Melby vil arbeide gjennom helga for å presentere kva for tiltak som skal gjelde i skolar og barnehagar etter den 19. januar.
Det er Melby sjølv som seier dette til Utdanningsnytt.
Ho minner om at dei tiltaka som gjeld nå, går ut tirsdag.
– Frå onsdag vil nye tiltak gjelde i skolar og barnehagar. Men vi vil forstå det om dei også treng onsdagen til å jenke seg til på, seier ho.
Departementet understrekar onsdag kveld at det kan vere snakk om både strengare eller mildare smitteverntiltak. Eit alternativ er også å vidareføre dei gjeldande tiltaka.
Les også: Skolebyråden i Oslo: – Fortsatt riktig med gult nivå i barneskoler og barnehager
Dårleg tid
Kunnskapsministeren erkjenner at skolane og barnehagane meinte dei fekk altfor dårleg tid til å tilpasse seg dei reglane som vart verksame etter juleferien.
– Eg forstår godt at det var svært lita tid til å ommøblere klasserom og timeplan og gjere mange fleire praktiske endringar, seier ho.
– Problemet er at kunnskapsgrunnlaget vi skal gjere vedtak ut i frå, endrar seg så fort under pandemien.
Hadde vi varsla dei reglane som kom etter juleferien ei uke tidlegare, hadde vi gjort eit dårlegare vedtak. Da hadde vi ikkje same informasjon, seier ho.
Melby seier ingenting om i kva for retning dei komande reglane vil gå.
– Nei, som sagt endrar forutsetnadane for vedtak seg svært kjapt. Det er difor vi skal arbeide dette fram i helga, seier Guri Melby.
Les også: Høyere smitteforekomst blant lærere – spesielt i Oslo