Solsida barnehage

To branntilløp i barnehage i Førde på kort tid

– Eg blir jo veldig bekymra om det er nokon som vil brenne opp barnehagen vår, seier styrar i Solsida barnehage, Elin Hagen.

Publisert

På få dagar har det vore to tilløp til brann i barnehagen som ligg i Førde sentrum. Fredag morgon oppdaga dei tilsette svimerker i eit utebord som stod inntil veggen, skriv Firda.

– Der hadde nokon stappa papirbitar nedi rillene på bordet og tent på dei. Det var svimerker i bordet, seier Hagen.

Den neste hendinga skjedde natt til søndag. Då fekk alarmsentralen melding om brann ved barnehagen.

– Innringaren melde at det var fyr på ein tørkepapir-dispenser på veggen. Han fekk beskjed om å rive den ned og sløkkje brannen, seier Terje Birkeland ved Alarmsentralen.

Det heile var ganske udramatisk, seier han.

– Eg lurer på kven det kan vere som står bak. Først tenkte eg det berre var leik med fyrstikker, men når det skjer ein gong til, så blir eg jo veldig bekymra for om det er nokon som prøver å sette fyr på barnehagen vår.

Politiet har oppretta sak.

Powered by Labrador CMS