KrF vil at private skal løyse barnehagekrise i Ålesund

Ålesund kommune bør garantere for drift av 100 private barnehageplassar og løyse barnehagekrisa gjennom det, meiner Kristeleg folkeparti i kommunen.

Leiaren i kultur- og oppvekstutvalet Simon Molstad Grimstad frå KrF la i tirsdag fram eit framlegg om å leggje ned ein privat og ein kommunal barnehage med til saman 45 plassar. Dette skulle vere med på å finansiere garantien for drift av ein ny barnehage med 100 plassar, melder Sunnmørsposten.

Drivaren skal vere ein ideell drivar som ikkje tek ut utbytte, heiter det i framlegget.

Ålesund leiger 30 barnehageplassar i nabokommunen Giske. Å seie opp desse plassane er og med i reknestykket for å finansiere den nye store barnehagen. Til saman vil tiltaka frigjere 9,9 millionar kroner, ifølgje Grimstad.

I bydelen Ellingsøy er det svært få barnehageplassar. Difor reiser folk langt for å kome til og frå barnehagen. 

- Nei, seier Ina Enoksen, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Ålesund.

- Det er rett at tilhøva på Ellingsøy svært vanskelege. Det er eit pressområde, mange flyttar dit, men det er nesten ikkje barnehageplassar der, seier ho.

Økonomien i Ålesund er så svak at kommunen må ha godkjenning frå kommunaldepartementet for å gjere investeringar.

- Ein viktig grunn til det er at kommunen har så store utgifter til dei private barnehagane. Det kommunen må gjere, er å byggje barnehage på Ellingsøy, og så drive han sjølv, seier Ina Enoksen.

Det er 13 kommunale og 32 private barnehagar i Ålesund.  

Powered by Labrador CMS