"Lek for lekens skyld", understreker private barnehagestyrarar i Røyken kommune i Buskerud i sitt høyringssvar. Arkivfoto: Kjersti Mosbakk, Utdanning

Pedagogisk ansvar må vere tydeleg i ny rammeplan

Ansvaret pedagogane har for innhaldet i barnehagen, må kome tydelegare fram. Det er ein gjennomgåande kritikk av regjeringa sitt forslag til ny rammeplan for barnehagen.

Publisert

Regjeringa sende ut sitt framlegg til ny rammeplan for innhaldet i barnehagen i oktober i fjor. Nå er høyringsfristen gått ut, og det er kome inn i alt 578 svar. Svara er komne frå svært ulike instansar, frå einskildpersonar til landsomfattande institusjonar, via einskildbarnehagar og kommunar.

Her kan du lese høringsbrevet og alle høringssvar:

Høring Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver:

 

Regjeringa får tilslutnad til svært mykje i framlegget, viser stikkprøver blant høyringssvara som Utdanning har tatt. Men kritikken av plasseringa av det faglege ansvaret er likevel tydeleg. I utkastet får barnehageeigar for mykje ansvar og pedagogane for lite, meiner kritikarane.

 

Nei til regelstyring

Aksjonsgruppa for barnehageopprøret 2016 er blant desse kritikarane. Dei uttrykte svært skarp kritikk mot stortingsmeldinga «Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen», som vart lagt fram før framlegget om ny rammeplan.  «Høringsutkastet er ikke tydelig nok på hvor metodeansvaret og ansvaret for både de daglige og de overordnede etiske og faglige vurderingene skal ligge», heiter det i høyringssvaret frå dei.

«Å styre profesjonen gjennom regler innebærer å redusere metodefriheten til det pedagogiske personalet i barnehagen» står det i svaret frå Gjøvik kommune.

«Rammeplanen er ikke først og fremst et arbeidsdokument for barnehageeiere, det er en læreplan som skal virke som en juridisk ramme for de faglige og etiske vurderingene som barnehagepersonalet tar», skriv barnehagelærarstudentane i Østfold.

«Barnehageeiers ansvar er definert i barnehageloven, og behovet for utdyping av dette må ivaretas av eventuelle merknader til loven», heiter det i svaret frå følgjegruppa for førskolelærarutdanninga. Om framlegget kommenterer gruppa vidare:

«Slik som eiers ansvar for styring er definert, svekker dette barnehagelærernes profesjonelle og faglige ansvar.»

 

Leik for leikens skuld

Fleire av svararane, blant dei Barneombodet, vil at leiken skal ha ein tydelegare plass i den nye rammeplanen enn det framlegget gir rom for.

Kommunale barnehagestyrarar i Sortland kommune i Nordland peiker i sitt svar på at ifølgje utkastet skal barnehagen fremje læring, men ivareta leiken. Dei meiner at å «fremje» er meir aktivt enn å «ivareta». «Vi mener at lek og læring bør fremmes på lik linje», skriv dei.

I svaret frå Dronning Mauds minne Høgskolen får utkastet kritikk for eit for instrumentelt syn på leik.

«Lek for lekens skyld», understrekar private barnehagestyrarar i Røyken kommune i Buskerud i sitt svar.

 

Språk

Norsk språkråd meiner at meldinga ikkje er presis nok i si tilknyting til dei nasjonale språkmåla. Det er ikkje nok at det står at barna skal møte ulike språk, språkformer og dialekter. Det må presiserast  at utvalet av språk og språknormer må innehalde både nynorsk, bokmål og dei nasjonale minoritetsspråka. Samstundes må ansvaret barnehagen har for teiknspråk, understrekast sterkt, ifølgje Språkrådet.

Pensjonert lærarutdannar Helene Valvatne meiner føringane for arbeidet med fleirspråkleg utvikling er for vage. Ho understrekar at å vere fleirspråkleg er verdfullt, for den einskilde og for samfunnet. Barnehagen må difor få tydelege signal om å fremje fleirspråkleg utvikling.

 

Heim og barnehage

Både Giske kommune i Møre og Romsdal og Marker kommune i Østfold nemner særskild dei minste barna i sine svar. Båe meiner at tilvenninga av småbarna til barnehagekvardagen og overgangen frå å vere heime til å bli barnehagebarn bør få ein større plass i barnehagen. Også dei private styrarane i Røyken kommune vil ha tilvenning med i rammeplanen.

I ei felles fråsegn peiker også Utdanningsforbundet Rødøy og Fagforbundet Rødøy, frå Rødøy i Nordland, på at dei minste barna må få større merksemd i planen.

Styrarane i Sortland meiner at ordlyden om foreldresamarbeid bør bli meir presis. Slik det står nå, kan det gi rom for det dei meiner er urimelege krav frå foreldre om individuell tilrettelegging.

 

Lov

Fleire svar tar opp tilhøve til eksisterande lov- og regelverk.

Barneombodet meiner det ikkje er nok at framlegget til rammeplan legg vekt på ansvaret personalet har for eit godt psykososialt miljø i barnehagen. Rett til eit godt psykososialt miljø må inn i barnehagelova, ifølgje ombodet. Det vil gi barnehagebarn den same individuelle retten til eit godt psykososialt miljø som skolebarn har. Barneombodet ser ingen grunn til at dei yngste barna skal ha ein svakare rett enn dei eldre.

Barneombodet er også oppteken av at rammeplanen må ha sterkare forankring i FNs barnekonvensjon. Det same er Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder.

Samisk høgskole er svært misnøgd med at framlegget ikkje viser til urfolkrettane i ILO-konvensjonen, slik nåverande rammeplan gjer. Dei kallar formuleringane om det samiske for vage og upresise.

 

Temahefte

Folkehelseinstituttet ønskjer seg ei lang rekke med temahefte. Dei skal alle ha som formål å gjere personalet betre i førebyggjande helsearbeid.

Redd Barna etterlyser eit rettleiingshefte om leik.

Fleire nasjonale institusjonar ønskjer seg tema- eller rettleiingshefte til rammeplanen. Men svararar med tydelegare pedagogisk forankring seier klart nei til dette.

«Rammeplanen bør ikke utdypes i form av temahefter. Det er verken departementet eller direktoratets rolle å utvikle faglitteratur eller å peke på hvem som skal få lov til å lage faglitteratur om gitte tema», skriv til dømes Aksjonsgruppa for barnehageopprøret.

Powered by Labrador CMS