Barnehagelærarstudenten brukar mest tid på studiet av alle lærarstudentane
Gjennomsnittsstudenten i barnehagelærarutdanninga brukar 34,2 timar i veka på å studere.
Dette gjer barnehagestudenten til ein meir flittig student enn gjennomsnittsstudenten i i Nokuts rapport «Studiebarometeret 2021» Gjennomsnittstudenten i dei 49 studia som er med i undersøkinga brukar 33,9 timer i veka på studiearbeid.
Dei andre lærarstudentane brukar i gjennomsnitt mindre tid enn dei 33,9 timane som er gjennomsnittet for alle studentane.
Dei som studerer for å kvalifisere seg til å bli fag- og yrkesfaglærarar brukar 33,1 time i veka, lektorstudenten brukar 29,7 og grunnskolelærarstudenten brukar 28,4 timar.
Statistikken byggjer på det 28627 studentar sjølv har oppgitt for tidsbruk i veka.
Les også: Her studerer dei mest fornøgde lærarstudentane i landet
Mest på alt
Barnehagestudentane brukar mest tid, samanlikna med andre lærarstudentar, på undervisning og andre aktivitetar tilrettelagt av utdanningsinstituasjonen. Samstundes er det dei som brukar mest tid til å lese pensum og gjere oppgåver på eiga hand. Dei har undervisning og tilrettelagte opplegg i 21,3 timar i veka, og har eigenstudie i 12,9.
Minst på alt
Grunnskolelærarstudenten brukar 15,8 timar i tilrettelagt undervisning av ulikt slag, det lågaste blant lærarstudentane. Timetalet for eigenstudie er også det lågaste for denne gruppa, med 12,6 timar.
Den gjennomsnittslege lektorstudenten fordelte studietida mellom 12,7 timar med undervisning og 17,6 timar med eigenstudie. Yrkesfaglærarstudenten hadde 20 timar undervsining og 13,1 timar sjølvstudie.
I 2016 brukte gjennomsnittsstudenten igjennomsnitt 35,5 timar i veka på studiet. Fram til 2019 hadde det gått gradvis ned til 34,2. I begge dei to korona-åra 2020 og 2021 har talet vore 33,9.
Tannlegestudentane toppar lista for 2021 med å bruke 45,9 timar i veka på studiet.