Ill.foto: Joakim S. Enger
Gode skulebibliotek er viktige for elevane si læring
Debatt: Ei ny undersøking frå Ryfylke-biblioteka viser at skulane i liten grad set av løyvingar i budsjettet til skulebibliotek.
Ei svensk kunnskapsoppsummering viser at gode skulebibliotek med kvalifisert personale er viktig for elevane si læring og for skuleprestasjonar. Ein føresetnad er tett samarbeid mellom bibliotekar, lærar og skulens leiing og ikkje minst eit breitt og variert litteraturtilbod. I forskrift til opplæringslova paragraf 21-1 heiter det at «Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek». Sjølv om mange skular har eit samarbeid med det lokale folkebiblioteket, betyr ikkje dette umiddelbart at kvaliteten på tenesta er god og at biblioteket har ressursar til å yte denne tenesta.
Leiar i Norsk bibliotekforening, Vidar Lund, viser òg at folkebiblioteka har fått reduserte løyvingar år for år, noko som reduserer deira høve til å yte gode tenester til skulane. Ein rapport frå Utdanningsdirektoratet viser at norske skulebibliotek ikkje tilfredsstiller alle kriterium til eit godt fungerande bibliotektilbod for elevane, som til dømes det å ha fagutdanna bibliotekar. Mange grunnskuleleiarar peiker på at skulebiblioteket har ei viktig rolle i å fremje leseglede.
Les også: Kjempar for å behalde skolebiblioteket i lovverket
Mangel på kvalitativt gode skulebibliotek vert òg stadfesta i ei undersøking i Ryfylke-kommunane Strand, Sauda, Suldal og Hjelmeland frå hausten 2020. Nokre har eit skulebibliotek, andre oppfyller lovkravet gjennom samarbeid med folkebiblioteka, utan at det seier noko om kvaliteten på tilbodet. Korleis kan me saman sikra at elevane våre får det gode bibliotektilbodet dei har krav på?
Leselyst som mål
Skulebiblioteket skal støtte opp om elevane si læring. Fagfornyinga legg særleg vekt på å styrke djupnelæring, tverrfaglege perspektiv, utforsking og kritisk tenking, og fleire har peika på korleis skulebiblioteket er sentralt i dette arbeidet . Ei av dei viktige oppgåvene skulebiblioteket har, er å legge til rette for opplevingar av leselyst. Forsking viser at leselyst er viktig for elevar si styrking av både formell lesekompetanse, kunnskapsutvikling i andre fag og sosiale ferdigheiter . «Lesing er all lærings mor», seier skuleforskar Joron Pihl.
For å inspirere til dette må elevane kunne ‘bade i bøker’: Litteraturtilbodet må vere mangfaldig, både med omsyn til innhald og nivå. Sjølv om skulebiblioteka og folkebiblioteka har ulike mandat, er dei saman om arbeidet for å gje elevane eit variert og mangfaldig litteraturtilbod. Folkebiblioteka og skulane må difor arbeide saman om å skape leselyst, men korleis kan dette arbeidet gjennomførast på ein best mogleg måte?
I Oslo har dei laga ein ambisiøs plan for skulebiblioteka. Det står att å sjå om det vert tilført ressursar for å realisere desse. Glommasvingen skule i Sør-Odal (800 elevar) har ein skulebibliotekar i 100 prosent stilling. Rektor vel å investere i skulebibliotek «…for å øke lesegleden og for bedre faglige resultater» . Spangereid skole i Lindesnes kommune har satsa på skulebibliotek, og Line Hjellup trekkjer fram korleis dei tilsette ved skulen er «målrettete, systematiske og kollektive» i satsinga . Slik har skulen oppnådd både minska behov for spesialundervisning og betre resultat på nasjonale prøvar.
Undersøking i Ryfylke
Folkebiblioteka i Ryfylke opplever å bruke mykje ressursar på innkjøp av litteratur og litteraturformidling til skuleelevar og ser dette som ein viktig del av samfunnsoppdraget sitt. Likevel saknar dei eit meir formalisert og strukturert samarbeid med skulane og etterlyser større klarheit i korleis ressursfordelinga mellom folkebiblioteka og skulebiblioteka skal vere. Med støtte frå Rogaland fylkesbibliotek vart det hausten 2020 difor gjennomført ei undersøking av stoda til skulebiblioteka i grunnskulane i Strand, Sauda, Suldal og Hjelmeland.
For at elevane skal kunne «bade» i bøker treng ein budsjett som gjer dette mogleg. Berre ved to av dei elleve skulane i Ryfylke-undersøkinga har biblioteket ein eigen post i skulebudsjettet. Dette kan tyde på at eit stort fleirtal av skulane ikkje har høve til å kjøpe inn ny og aktuell litteratur i det omfang som skal til for at elevane skal kunne velje litteratur tilpassa deira interesse og nivå. I tre av folkebiblioteka går opptil halvparten av innkjøpsbudsjettet til bøker for barn. Mange folkebibliotek lagar bokkassar til skulane slik at elevane får tilgang på variert litteratur. Dette er ressurskrevjande. Til dømes leverte eitt av biblioteka mellom 16 og 20 bokkassar til skulane kvar skulemånad i 2019.
Om skulane ikkje kjøper inn ny litteratur til skulebiblioteka, krev det meir av folkebiblioteka, både når det gjeld innkjøp av nye bøker og stillingsressursar. Ein av biblioteksjefane i Ryfylke seier det slik: «Vi bruker store ressurser på elevene i grunnskolen.
Dette mener vi er en viktig del av jobben vår, men vi må ha ressurser til å håndtere dette». Det er i liten grad sett av stillingsressursar til å bemanne skulebiblioteka. Dette varierer frå nokre få timar per veke (mellom omlag 4 til 9 prosent) på små- og mellomtrinnsskular. Ein ungdomsskule er tilsynelatande relativt godt dekka med over 30 timar bemanna opningstid, men denne er løna av det lokale folkebiblioteket.
Storleiken på skulane betyr lite for kva stillingsressurs som er sett av. Om ein reknar stillingsprosent per elev, har til dømes ein ungdomsskule nær tre gonger større skulebibliotekarstilling enn den andre ungdomsskulen i kommunen. Dette viser at det synast å vere store variasjonar når det gjeld i kva grad skuleleiarane prioriterer skulebibliotek i sine budsjett. Skulebibliotek-satsinga i norske skular må ikkje vere tilfeldig, men systematisk og målretta, fordi kvar enkelt grunnskuleelev har rett til eit godt bibliotektilbod.
Saman om leselyst
Ein måte å sikre kvalitet for kvar elev på, er å formalisere, konkretisere og synleggjere det arbeidet som vert gjort for å gje eleven eit godt bibliotektilbod og opplevingar av leseglede. Ingen av dei fire Ryfylke-kommunane i undersøkinga har i dag formelle samarbeidsavtalar mellom folkebibliotek og skule, sjølv om både folkebiblioteka og fleirtalet av skuleleiarane er positive til eit meir formalisert samarbeid. Når me i tillegg veit at suksessen i Spangereid byggjer på nettopp systematikk og samarbeid, er det god grunn til å utforske korleis eit tettare og meir formalisert samarbeid mellom folkebibliotek og grunnskular kan komme elevane til gode.
I kommuneplanen til Ryfylke-kommunen Strand er samarbeid i fokus, og visjonen til kommunen er «sammen om trivsel» . Eit godt samarbeid mellom folkebiblioteka og skulebiblioteka kan auke leselyst og lesekompetanse. Men for å få dette til må folkebiblioteket få ressursar slik at det ikkje går utover andre oppgåver og tenester. Og det krev at det er ressursar til fagutdanna skulebibliotekarar, slik svensk forsking viser er avgjerande for å gje elevane gode tenester.
Med gode, formelle samarbeidsavtalar og eit strukturert og målretta arbeid for leselyst kan folkebiblioteka og skulane effektivt spele kvarandre gode. Slik kan me gje dei unge innbyggarane våre eit best mogleg utgangspunkt for livet, lesinga og læringa