Kjetil Tvedt, kompetansedirektør i Byggenæringens landsforening
Fotograf Nicolas Tourrenc
Statsbudsjett:
Byggenæringa roser regjeringa for å satse på yrkesfag og fagskular
Men at regjeringa legg opp til eit reelt kutt i lærlingtilskottet på 66 millionar, får tommel ned. Det gjer det krevjande å oppretthalde talet på lærlingar i tronge tider.
Om kuttet i tilskottet til lærlingar seier kompetansedirektør Kjetil Tvedt i Byggenæringens Landsforening (BNL):
– Lærlingtilskottet er ikkje i årprisjustert fullt ut,
noko som reelt gjer eit kutt på 66 millionar kroner i 2024. Departementet viser
til at midlane blir omprioritert frå tilskott til ymse tiltak i fylka for å "styrke arbeidet for
fleire læreplassar". Også i fjor blei lærlingtilskottet kutta, den gang
med 105 millionar kroner. At midlane går til fylka i staden for til lærebedriftane er vi
skeptiske til, seier han.
Men Tvedt ser også mykkje bra i
regjeringas framlegg til budsjett for 2024.
– Vi er
positive til at fagskulane får 500 fleire studieplassar, og at det blir løyvd
midlar til ein meir praktisk grunnskule. I tillegg det blir løyvd 127
millionar til praktisk utstyr i klasseromma og
40 millionar til utstyrsstipend for elevar ved dei vidaregåande skulane. Det er også bra, seier Tvedt.
Vil oppretthalde talet på lærlingar
Om kvifor han er bekymra
for kuttet i lærlingtilskottet, seier han:
– Det er eit viktig
prinsipp at lærlingtilskottet svarar til den årlege kostnaden ved ein elevplass
i vidaregåande skule. Ved å redusere overføringa av midlar
til lærebedriftene, får bedriftene ei ekstra utgift
ved å ha lærling. Byggenæringa vil i 2024 ha ein utfordane situasjon med lågare
aktivitet. Vi ynskjer likevel å oppretthalde inntaket av lærlingar slik at vi
er rusta for å ta igjen etterslepet i boligbygginga når tidene endrar seg, men
med nok eit år med nedgang i lærlingtilskottet blir det krevjande, seier Tvedt og held fram:
– Byggenæringa er inne i
ein periode med stadig fleire permitterte. Skal vi greie å halde på desse
fagfolka, må det satsast på kompetanseheving i permitteringsperioden. Dagens
regelverk legg opp til at permitterte må vente i 12 veker før ein kan kome i
gang med utdanning. BNL meiner regelverket må endrast slik at permitterte kan
starte utdanning frå dag ein.
Meir praktisk læring for dei yngste
Kompetansedirektøren er
nøgd med at regjeringa så tydeleg satsar på meir praktisk læring.
– Praktisk læring gir auka læringsutbytte for alle
elevgrupper, aukar interessa for yrkesfaga, og er med å sikre at elevar som vil
inn på yrkesfag har eit minimum av praktiske evner. I tillegg til pengar trengs
det og nytenking rundt korleis ein investerer i undervisningsutstyr. BNL vil
spele inn til departementet at ein prøver ut nye ordningar med deling av utstyr
mellom fleire vidaregåande skular, til dømes alle skulane i eit fylke, seier
Tvedt.
Glad for fleire fagskuleplassar
Dei statlege løyvingane
til fagskulane aukar med 210 millionar kroner. Det er ein auke på 17 prosent.
– Ny
teknologi og nye krav til bygg må følgast opp med meir kompetanse. Fagskulane
er eit ettertrakta og godt tilbod for fagarbeidarar i byggenæringa som vil lære
meir på heiltid eller deltid. Dei ekstra løyvingane til 500 nye studieplassar
er bra og byggenæringa ser fram til å fylle sin del av desse, seier Tvedt.
Han lover at fram mot høyringa
i Stortinget skal BNL finlese budsjettforslaga frå departementa og kome med meir
detaljerte innspel som kan bidra til at byggenæringa held på kompetansen på kort
sikt, og aukar den på lang sikt.