Foreslår tak for karakterkrav

Eit offentleg dansk utval vil setje tak for karakterkrav i offentlege høgare utdanningar.

Publisert

Inga utdanning skal kunne ha høgare krav til gjennomsnittskarakter enn det som i danske karaktersystem er karakteren 9. Det foreslår den danske Reformkommisjonen, som la fram sitt forslag torsdag.

Det er Danmarks Radio som melder dette

Framlegget betyr lågare karakterkrav til dei utdanningane der krava har vore høgast. I dag har dei ti utdanningane med høgast karakterkrav krav på mellom 11,3 og 10,6 i snittkarakter.

Er det fleire søkjarar enn det er plassar tilrår kommisjonen at utdanningane hell opptaksprøver.

Medlem i kommisjonen Jørgen Søndergaard seier til Danmarks Radio at dette tiltaket vil vere med på å dempe karakterstresset.

– Karakter er blitt viktigare enn fag, seier han.

Kommisjonen foreslår også at det blir sett eit golv for kor lågt snittet kan vere for å kome inn på høgare utdanning.

Utdanningsminister Jesper Petersen vil ikkje kommentere framlegga frå kommisjonen. Men han seier til DR at regjeringa sette ned kommisjonen for å få nye perspektiv på utfordringar som har vore politisk viktige gjennom dei siste tiåra, men som det likevel har vore vanskeleg å finne løysingar på.

Powered by Labrador CMS