Digitale spor i nye lærebøker – ørken eller oase?

Innsendaren meiner det er tvilsamt at eit nytt læreverk etter reform 2006 oppfordrar til å bruke digitale verktøy ein gong i månaden, og i dei fleste tilfella med analoge alternativ.

Med bruk av digitale verktøy som ei av basisferdigheitene i Kunnskapsløftet, var det med stor interesse eg opna dei to første læreverka i norsk som kom frå forlaget. Både "Norskboka 8 NB!" frå Damm og "Frå Saga til cd" frå Forlaget Fag og Kultur, har ok layout og tiltalande illustrasjonar.

"Norskboka 8 NB!" har også ei litteratursamling som ikkje er send ut til skulane, men det ligg utdrag på forlaget si nettside. "Frå Saga til cd" har to likestilte bøker, 8A og 8B, med både litteratur og språklære i begge bøkene. Det finst og cd med lyttestoff og eigne nettsider til verket.

Eg har valt å sjå på korleis læreverka byggjer opp under elevane sin digitale kompetanse, og her er det store skilnader.

I "Norskboka 8 NB!" finn ein det første digitale sporet på side 23. Her blir eleven oppfordra til å finne "meir informasjon på Internett eller på biblioteket" for å førebu ei munnleg framføring om ein norrøn gud. Fem av i alt 10-12 digitale spor er av denne typen, utan nærare spesifisering.

På side 98 blir eleven oppfordra til å gje opp kjelder. Internett er nemnt som kjelde for informasjon, men kjeldekritikk er fråverande. Sms er nemnt to gonger utan framlegg om bruk, og ein gong blir eleven oppmoda om å sende e-post "til andre".

Video/dvd og Powerpoint som støtte ved foredrag er nemnt ein gong, og ein gong vert eleven mint om at det går an å få ein ryddigare tekst på pc med retteprogram. Slik vert den femte basiskompetansen presentert i dette norskverket.

No kan ein sjølvsagt innvende at det er mange andre vegar til digital kompetanse enn gjennom læreboka, men når ein veit at lærebøkene framleis er svært styrande for undervisninga (jfr. forsking ved Høgskolen i Vestfold), er det nokså tvilsamt at eit nytt læreverk etter reform 2006 oppfordrar til å bruke digitale verktøy ein gong i månaden, og i dei fleste tilfella med analoge alternativ.

"Frå Saga til cd" gjev assosiasjonar til digitale verktøy allereie i tittelen, og ein vert ikkje skuffa ved vidare lesing. I føreordet til elevane vert det understreka at bruk av digitale hjelpemiddel er likestilt med å skrive, lese, lytte og tale. Alt på første side i første kapittel av A-boka vert fleire digitale verktøy nemnde, og når ein blar om, finn ein første oppgåva med internettsøk, der elevane skal bruke fleire søkemotorar og samanlikne. Internettbruken vert gradvis utvida med ulike søketeknikkar og kritisk vurdering av funn.

E-post, tekstskaping på pc, digitale bilete og video, presentasjonsprogram, animasjon, nettavis, digitale mapper, nettavis og blogg er stikkord som viser breidda i dei digitale oppgåvene i dette læreverket. Og elevane skal ikkje berre lære om, men dei skal heile tida vere aktive og skapande, både med digitale og analoge verktøy.

"Frå Saga til cd" kan truleg vere eit godt verktøy for å nærme seg ITU (Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning) sitt mål om digital kompetanse som "ferdigheiter, kunnskaper, kreativitet og haldningar som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet" (ITU –Digital skole hver dag).