Arkivfoto: Knut Hovland.
Russisk lærarleiar hyllar krigen mot Ukraina
Den russiske lærarorganisasjonen støttar også oppfordring om å gi ei dagsløn til forsvarsstyresmaktene.
– Vi må stå saman og støtte dei som gjer si
plikt under den spesielle militæroperasjonen, skriv Galina Merkulova, leiar i
den russiske lærarorganisasjonen ESEUR til sine medlem.
Med «den
spesielle militærorganisasjonen» meiner ho krigen i Ukraina.
Bakgrunnen for at
oppfordringa kjem akkurat nå er at sidan 1922 har 23.februar vore «Dagen
for forsvararane av fedrelandet». Dagen blir brukt til å heidre russisk og
sovjetisk innsats i krigar.
– Dagen er inkarnasjonen
av patriotisme, skriv lærarleiaren i helsinga til medlemmane, og sender
samstundes takksemd og ønske om mot til soldatane ved fronten.
Galina Merkulova
understrekar at fagforeninga gjer mye for å støtte dei som er ved fronten.
Dagsløn
24. januar
vidareformidla lærarorganisasjonen på nettsida ei oppfordring frå samanslåinga
av fagforeningar, FNPR. Her blir alle fagforeiningsmedlem oppfordra til å gi ei
dagsløn til forsvarsstyresmaktene. Pengane skal nyttast til utstyr for vern av
sivile ved terroråtak. Dei einskilde fagforeiningane skal organisere
innsamlinga av pengane.
– Med all makt, utan
å spare liv, kjempar våre krigarar mot nazisme, som blir oppmuntra og finansiert av fiendtlege land,
heiter det i dette oppropet.
Suspendert
Men det er ikkje
berre ved fronten det blir kjempa. Kyiv-regimet bruker terror for å bryte ned
den sivile delen av det russiske folket, heiter det vidare. Difor er «Den patriotiske
aksjonen», som innsamlinga blir kalla, viktig, blir det understreka i oppropet
til dei fagorganiserte. Sluttorda er «Sigeren blir vår».
Den russiske Lærerorganisasjonen ESEUR er også medlem av den
internasjonale læraorganisasjonen Education International (EI), der
Utdanningsforbundet har vore sterkt representert. Galina Merkulova var ein av fleire nestleiarar i den europeiske
seksjonen da invasjonen starta.
Medlemsorganisasjonane i Latvia, Litauen, Polen Tsjekkia, Slovakia og
Finland reiste alle spørsmål om ESEURS medlemskap i EI etter at krigen braut ut. I mai 2023 vart den russiske
organisasjonen suspendert frå Education International for tre år.
Les også: Russisk lærerorganisasjon formidler ny støtteerklæring til krigen