Regjeringa foreslår 100 millionar til fleire barnehagelærarar
Statsbudsjettet førebur ny pedagognorm.
Solberg-Regjeringa foreslår i framlegg til nytt statsbudsjett at 100 millioner kroner av veksten i frie inntekter til kommunane skal gå til å legge til rette for fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga.
Dette må sjåast i lys av ambisjonen om at 50 prosent av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar innan 2025, heiter det i i forslag til statsbudsjett.
Regjeringa foreslår òg å løyve 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område.Regjeringa foreslår å løyve 50 mill. kroner i 2022 til å opprette 150 fleire vidareutdanningsplassar for barnehagelærarar
Totalt er forslaget å auke dei frie inntektane til kommunane med 2 milliarder kroner. Kommunane skal også få varig økte skatteinntekter på 3,2 milliarder kroner.