
Studentar tek over klasseromma
I den russiske byen Perm har studentar midlertidig teke over undervisninga for lærarar over 65 år.
Russland: Alle innbyggjarar over 65 år i regionen ved Ural-fjella må halde seg isolerte på grunn av fare for å bli smitta av covid-19. I mellomtida er dei erstatta av studentar frå det humanistisk-pedagogiske universitetet i byen, skriv det russiske nyhendebyrået Regnum.
I februar vart 130 studentar valde ut til å gjennomføre undervisning i skulane og aktivisere barn i barnehagealder og barn med helseproblem.
Som ein del av prosjektet skal den eldre læraren dele av si profesjonelle røynsle, medan studentane skal hjelpe dei eldre med å gjere seg nytte av digitale ressursar. I tillegg får kvar student knytt til seg ein øvingslærar frå universitetet som mentor.