Foto: Syda Productions
Meir betalt tillitsvaldarbeid i små lokallag
Tillitsvalde i dei små lokallaga i Utdanningsforbundet vil få meir betalt tid til å gjere tillitsvaldarbeidet.
Den som blir tillitsvald for Utdanningsforbundet i eit lokallag med opp til 80 medlem vil bli frikjøpet frå ordinært arbeid med tjue prosent.
Kva er frikjøp?
Frikjøp tyder at Utdanningsforbundet betalar den tillitsvalde for å skjøtte vervet, slik at den tillitsvalde ikkje treng å stå i full jobb for å få full lønn.
Lag med over 100 medlem får auka frikjøpet med fem prosent til, til ti prosent.
Dette vart klart etter at Representantskapet i Utdanningsforbundet i går røysta for framlegget. Dei nye reglane skal tre i kraft 1. august i år.
Trøblete ved nedgang
Argumentet for endringa er mellom anna at konsekvensane ikkje skal bli for store om medlemstalet i lokallaget går ned. Fører nedgangen fører til for store kutt i tida den tillitsvalde har til vervet, blir det vanskeleg å få medlemstalet opp att.
Lågare trinn
Difor bør det vere fleire og lågare trinn i stigen som seier kor mange medlemmer som skal utløyse frikjøp.
Ifølgje dei nye reglane vil nå lag med 81 medlem få 21 prosent frikjøp. Frikjøpet skal auke med 1 prosent for kvart tiande medlem opp til laget har hundre medlem
Frå hundre medlem aukar frikjøpet med ein prosent for kvart tolvte medlem.
Kravet om kor mange medlemmer som skal gi ein auke på ein prosent aukar gradvis. Lag med 2800 medlem får 175 prosent frikjøp. Har laget så mange medlem, må det få 20 nye medlem for å få ein prosent meir frikjøp.
Krevjande med store klubbar
Under debatten trekte fleire fram situasjonen i dei store klubbane på arbeidsplassane. Å vere tillitsvald her kan krevje mykje, ikkje minst mykje tid. Fleire meinte det var behov for meir frikjøp her. Frikjøpet i dag er fem prosent for klubbar med meir enn 46 medlem, 10 prosent for klubbar med meir enn 99 medlem og 14 prosent for klubbar med meir enn 149 medlem. Det er særleg i vidaregåande skole, og i universitet- og høgskolesektoren at Utdanningsforbundet har store klubbar på arbeidsplassane.