Lærar ønskjer å starte ny folkehøgskule midt i Stavanger
Lærar Geir Bakken håper å få godkjent søknaden om å starte den første folkehøgskulen i Rogaland på 70 år.
Skulen vil få base i Stavanger sentrum. Planen er at Stavanger Urban Folkehøgskole (StUF) skal romme 140 nye folkehøgskuleelevar i 2021. Det er Utdanningsdirektoratet som må godkjenne søknaden, og svaret kjem i desember eller januar, når endeleg statsbudsjett er klart , skriv Stavanger Aftenblad.
– Eg meiner dette er ein heilt ny og radikal tanke. Her er idéen at ein skal arbeide med eit tema dei unge er opptekne av, og ha moglegheita til å arbeide med dette i urbane miljø. Det er i byen det grøne skiftet må skje, seier han.
Bakken og ei interessegruppe for skulen har utarbeida fem linjer og 10-12 valfag. Elevane skal arbeide både teoretisk og praktisk, og ein tanke er at elevane skal få i oppgåve å byggje minihus.
– Det er vel alle lærarar sin draum å få undervise litt vaksne elevar som kjem til skulen av fri vilje. Eg er sjølv ein miljøaktivist og har jobba med unge menneske ei god stund. Når dei set i gong ein klimakamp og krev at det blir gjort meir for miljøet, meiner eg det er på tide å ta ungdommane sine bekymringar på alvor, seier Bakken.
Blir søknaden godkjent, vil skulen få 18-19 årsverk og om lag 25 tilsette.
– Det ligg ikkje ein pott med pengar som ventar på nye søknadar. Nye skular må bli innvigd med friske midlar i statsbudsjettet. Det har vist seg at dei søkjarane som driv god lobbying og engasjerer sine lokale og sentrale politikarar, har best sjanse for å få oppretta folkehøgskulen sin, seier dagleg leiar for Folkehøgskolerådet, Christian Tynning Bjørnø.