Foto: Pixabay
Skolar slepp ikkje inn elevar med joggebukse
Tysk foreldreleiar meiner alle skolar bør ha ein kleskode som skal gjelde i alle forbundslanda.
Det er framfor alt
kle som er fillete eller kle som kan bli oppfatta som upassande eller dekkjer
for lite av kroppen, som leiaren i foreldrerådet Christiane Gotte vil ha skolen med på å stoppe. Ho meiner dei som kjem slik på skolen må få beskjed om å gå heim og kle seg skikkeleg før dei kjem tilbake, ifølgje
fjernsynsstasjonen ZDF.
Dette vil særleg vere ei lette for mødrene, ifølgje Gotte. Dei vil sleppe unna morgon-diskusjonane om passande kle.
ZDF melder at det alt er skolar som ikkje slepp elevane inn om dei har på seg joggebukse.
Både Tysk
Lærarforbund (Deutcher Lehrerverbans) og Forbundet for utdanning og oppseding
(Verband Bildung und Erziehung) er likevel tydeleg i mot framlegget frå leiaren
i foreldreorganisasjonen.
– På grunn av vår
historie er vi i Tyskland opptatt av at folk skal vere sjølvmyndige og ta eigne
avgjerder. Da kan vi ikkje ha reglar for kor lang ei t-skjorte skal vere,
heiter det frå Tysk Lærarforbund. Frå Forbundet for utdanning og oppseding
heiter det i kommentaren at klesreglar og skoleuniform ikkje vil dekke over
sosial skilje