Det lokale lønsoppgjeret er i gang
Nesten halvannan milliard kroner skal fordelast i dei lokale lønsforhandlingane i KS-oppgjeret. Utdanningsforbundets tillitsvalde gjer seg klare til kampen om kronene, og somme stader er dei allereie godt i gang.
Nesten halvannan milliard kroner skal fordelast i dei lokale lønsforhandlingane i KS-oppgjeret. Utdanningsforbundets tillitsvalde gjer seg klare til kampen om kronene, og somme stader er dei allereie godt i gang.
Dei lokale lønsforhandlingane skal gjennomførast innan 15. oktober. I det sentrale oppgjeret mellom KS og Unio, som til slutt blei avgjort i Rikslønnsnemnda 21. september, var det ingen føringar på korleis den lokale potten skal fordelast lokalt. Dermed blir det opp til partane lokalt å bli samde om kva for grupper av tilsette som skal prioriterast. Nærare 1,5 milliardar kroner skal fordelast på tilsette i tariffavtalens kapittel 4, som omfattar det store fleirtalet av dei tilsette i kommunane. Dette svarar til 1 prosent av lønsmassen for 2020.
Namsskogan: Trur på forståing og god tone
I Namsskogan kommune lengst nord i Trøndelag trur lokallagsleiaren i Utdanningsforbundet både på gjennomslag og ein god tone i dei lokale forhandlingane.
– Forhandlingsklimaet har alltid vore godt i kommunen. Vi har ikkje hatt nokre store problem med å få motparten til å forstå krava våre, seier leder Maria Paulsen i Utdanningsforbundet sitt lokallag i Namsskogan, ein kommune med i underkant av 1000 innbyggjarar.
Ho fortel at krava denne gongen først og fremst vil dreie seg om funksjonstillegg.
– Vi vil på den måten syne fram at det er ei stadig aukande arbeidsmengd som blir lagt på dei ulike funksjonane, som kontaktlærar, trinnleiar, medlem av styringsgruppe med leiinga, spesialpedagog og rådgjevar. I ei lita bygd som vår er det vanskeleg å få tak i fagpersonar og utdanna lærarar og barnehagelærarar. Dei som har funksjonar, har difor gjerne fleire samstundes, seier ho.
Det sentrale oppgjeret med KS, som blei fastsett av Rikslønnsnemnda 21. september, enda utan klare føringar på kva grupper som skal prioriterast lokalt.
– Ein sentralt fastsett prioritering ville gjort det lettare å føre forhandlingane. Men på den andre sida gir dette oss meir fridom til å tenkje sjølv ut frå våre behov, seier Maria Paulsen.
Forhandlingane i Namsskogan startar måndag 4. oktober, og Maria Paulsen reknar med at partane kjem i mål same dagen.
Ålesund: Ulik løn i samanslått kommune
Dei lokale forhandlingane i Ålesund er allereie godt i gang. Første forhandlingsdag var 22. september. Lokallagsleiaren i Utdanningsforbundet, Ina Margrethe Enoksen, vil difor ikkje seie noko inngåande om sjølve forhandlingane.
Men ho gjer det klart at det må vere viktig for kommunen å rydde opp i ulikskapar i lønssystemet etter at kommunane Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy vart slått saman med Ålesund til ein ny storkommune i starten av 2020. Ifølgje Ina Margrethe Enoksen varierer til dømes tillegget for pedagogiske leiarar i barnehagane med fleire tusen kroner i året mellom dei tidlegare kommunane.
– Dette kunne den nye storkommunen ha løyst med ein gong ved hjelp av statlege ekstraløyvingar i samband med samanslåinga, men det ville ikkje leiinga. Difor må vi dra med oss dette inn i dette oppgjeret, seier Enoksen.
Ina Margrethe Enoksen understrekar at hovudkrava til Utdanningsforbundet er alltid objektive og etterprøvbare kriterium, og målet er alltid å få minst deira del av lønspotten.
– Utdanningsforbundet ønsker ei harmonisering av løn i den nye kommunen. Om dette er mogleg å oppnå gjennom lokale forhandlingar, står att å sjå, seier ho.
Tromsø: Prioriterer dei som er tett på barn og elevar
Utdanningsforbundet Tromsø vil prioritere dei som står i direkte arbeid med barn og elevar i dei lokale forhandlingane.
– Så skal vi omsyn til behovet for å behalde og rekruttere, men det er ikkje eintydig når det er rett å gjere det gjennom lønsforhandlingane, seier leiar Katrine Aursand.
– Vi vil prioritere pedagogiske leiarar i barnehagane og argumentere med at dei tener mindre enn i dei private barnehagane. Difor mister vi mange dit. Den prioriteringa er grei. Andre ting er meir kinkig. Til dømes manglar Tromsø samisktalande pedagogar. Eg meiner at tiltak for å rekruttere slik kompetanse må kommunen finansiere utanom lønsoppgjeret. Lokale forhandlingar kan ikkje prioritere arbeidstakarar vi ikkje har, seier Aursand.
Nordland: Smører tynt utover
– Vi smører tynt utover, vedgår Viggo Albertsen, kontaktperson for vidaregåande i Utdanningsforbundet Nordland.
Kravet er eit prosentvis tillegg til alle medlemmene i vidaregåande skole, og Albertsen er klar over at det ikkje blir mykje på kvar.
Samstundes krev Nordland dessutan å auke tillegget for kontaktlærarar.
– Tillegget er på 22 000 kroner. Det samsvarar ikkje med det store ansvaret kontaktlærarane har for både det faglege og sosiale. Pandemien har vist oss tydeleg kor viktig det er, arbeidet kontaktlærarane gjer på desse områda, seier han.
Det er og lønsskilnadar mellom avdelingsleiarane i fylket som fylkeslaget vil redusere.
Østre Toten: Hadde vore fint med føringar
Leiar Linn Myhrvold i Utdanningsforbundet Østre Toten innrømmer at ho, trass god skolering og gode førebuingar, synest det er krevjande å finne løysingar på store problem gjennom lokale forhandlingar. Ho hadde gjerne sett at dei sentrale forhandlingane hadde gitt føringar om prioriteringar.
-Nå er vi klare for tøffe tak, seier Linn Myhrvoll.
Også Østre Toten har lønnsutvikling for lærarar sentralt i sitt krav.
Skyvulstad: Viktig med semje om kriteria
– Det er ikkje ofte dei sentrale forhandlingane gir før føringar for korleis ein lokal pott skal fordelast, seier Terje Skyvulstad, nestleiar i Utdanningsforbundet.
– Dei gongane dei sentrale forhandlingane endar med at det blir sett av pengar til lokal pott, er jo heile poenget å forvalte potten lokalt, seier han.
Likevel har dei lokale forhandlarane fått råd frå den sentrale leiinga i Utdanningsforbundet om korleis dei bør prioritere.
– Rådet er å prioritere dei som står i direkte arbeid med barn og elevar. Statistikken viser at det særleg er lærarane i skolen som har hatt dårlegare lønnsutvikling enn andre, seier han.
Han peikar også på hovudtariffavtalen, som seier at å rekruttere og behalde personell skal vere eit mål for lokale forhandlingar.
Så kjem Skyvulstad med endå eit råd:
- Arbeidstakarparten og arbeidsgivarparten må bli einige om kriteria som skal kvalifisere til lønnsauke. Desse kriteria må vere opne. Er dei det, går gjerne forhandlingane greitt. Men er ikkje dette forarbeidet gjort godt nok, kan det kome overraskande krav som skaper vanskeleg usemje, avsluttar Terje Skyvulstad.