Skolar misbrukte offentlege pengar
To private skolar har fått krav om å betale tilbake til saman 3,4 millionar kroner av offentlege tilskot og skolepengar.
Skolane har brukt av skolepengane elevane har betalt og statstilskotet til å dekke underskot i verksemd som ikkje var skoleverksemd.
Utdanningsdirektoratet oppdaga dette ved økonomitilsyn for frittståande skolar for 2020.
Det er ikkje lov å bruke statstilskot og skolepengar til anna enn det som kjem elevane til gode. Om dei som driv skole også driv tilleggsverksemd må tillegsverksemda vere sjølvfinansierande. Skolepengar og statstilskot skal ikkje finansiere tilleggsverksemd.
For mye skolepengar
På bakgrunn av funn i årsrapportane gjorde Udir tilsyn om økonomiforvaltning ved 6 skolar der det var mistanke om at ikkje alt var på stell.
I tillegg til dei to skolane som hadde finansiert tilleggsverksemd med statstilskot og skolepangar fann dei at ein skole hadde kravd skolepengar ut over maksimal sats, og at styret ikkje hadde vore med og fastsett satsen. Skolen har fått pålegg om å rette dette.
Av til saman 370 friskolar hadde heile 138 ikkje fulgt krava til noteføring i rekneskapa. Udir seier noteføringa er viktig for å gi eit inntrykk av økonomien i skolane. Desse skolane har fått pålegg om å rette opp feil og manglande noteføring.
På grunn av koronaepidemien har Utdanningsdirektoratet ikkje ført stedlege tilsyn etter mars 2020.