Hordaland vil ha skarpt dokument
Hordaland kvesser argumenta og fylle ut hol i dokumentet ”Vi utdannar Noreg”. Med tydelege punkt på kvart innsatsområde, vil fylkesårsmøtet vil gjere det om til ein konkret og skarp reiskap for dei tillitsvalde.
Fylkesstyret la fram punktforslaga sine til debatten gjennom heile årsmøtet, og deltakarane heiv seg på for å skjerpe dei enda meir. Ulne vendingar som " å legge til rette for” blei fort bytta ut med ordet ”krevje”.
Eitt krav retta seg mot den endelege versjonen av "Vi utdannar Noreg": Det må kome ut både på bokmål og nynorsk.
Ein sterk lærarrolle krev at lærartittelen blir verna. Også vikarar skal vere kvalifiserte, ikkje ufaglærde, blei det argumentert. "Det må ikkje vere heimel for ukvalifiserte, også til lærarar i vaksenopplæringa må dei ha både lærarfagleg og leiarfagleg kompetanse". Dei vil ha slutt på at ukvalifiserte vikarar blir brukt utan at korkje heimane eller politikarane får vite det, og vedtok å krevje at det skal vera eit rapporteringssystem ved bruk av ukvalifiserte. Alle kommunar opprettar kommunale ordningar med fast tilsette vikarar.
- Utdanningsnytt.no er på alle fylkesårsmøtene i UDF - alle sakene finner du her
Krav til digitale læreverktøy
Dei krev også at retten til vidareutdanning blir lovfesta, og at "den tilbakeverkande krafta i kompetanseforskrifta blir reversert." Dei vil motarbeide spesifikke fagkrav i lærarutdanningane, og arbeide for å reversere firarkravet i matematikk. Spesialundervisninga skal bemannast med kvalifisert pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetent lærar ut frå elevane sine særskilte behov.
Marit Himle Pedersenpeika på at kravet til læremiddel både på bokmål og nynorsk, tydelegvis ikkje gjeld digitale læremiddel: Hordaland vedtok at "krav til digitale verktøy på alle trinn i opplæringa vert likestilte med analoge". Hordalendingane vil også "arbeide for at kartleggingsprøver berre skal vere til internt bruk, og til utvikling av pedagogisk praksis."
Bemanning i barnehagene
Skal lærarane bry seg om SFO? Spørsmålet hissa opp fleire av debattantane, som svarte eit klart ja. Andre meinte det var på sida av forbundet sine oppgåver – den skal først og fremst dreie seg om løn. Ann Karin Oen peika på at Udf også skal bry seg om samfunnet, slik det er nedfelt i statuttane, og støtta Odd Arild Viste sitt forslag om gratis SFO. Men det enda med å krevje ein nasjonal makspris.
Profitt som fyord blei drøfta og spøka om, før dei vedtok " å arbeide for å få på plass ei endring i barnehagelova som gjer at det ikkje er råd å ta ut profitt frå barnehage."
Bemanningsnorma for barnehage er ikkje god nok. Mange sprang på talarstolen for å støtte framlegget frå Odd Arild Viste, om to, ikkje tre småbarn per vaksen, og fire, ikkje seks store barn per vaksen. Skildring av kvardagen med ein stram bemanningsnorm som ikkje fungerer når nokon er sjuke, vekte gjenklang og nesten tårar. Det enda opp som fylket sitt framlegg. Dei vil også "krevja at bemanningsnorma må gjelda i heile barnehagen si opningstid, og at den skal gjelda på avdelingsnivå. "