Utdanningsforbundet gjer det med tastetrykk
11 av fylkesårsmøta i Utdanningsforbundet denne våren vil vere heil-digitaliserte. Denne veka startar dei første fylkesårsmøta i Utdanningsforbundet.
Frå Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Agder, Oslo, Hedmark, og Oppland melder fylkeslaga at dei kjem til å vere heil-digitaliserte under årsmøtet. Delegatane og sekretariatet skal ikkje trenge eit einaste papir for å gjennomføre årsmøte.
Mange av fylkeslaga seier dei skal bruke appen GoPlenum under møtet.
- Vil ha flere unge til Utdanningsforbundets landsmøte
Vestfold seier at dei kjem til å vere litt båe delar, både digitalt og ikkje-digitalt. Delegatane har fått alle sakspapir digitalt, og alle framlegg skal leverast digitalt. Likevel vil dei ikkje kalle seg heildigitale.
Østfold, Buskerud og Akershus held seg til papir i sine siste årsmøte. Men desse skal slå seg saman i det nye fylkeslaget Viken. Viken skal og ha årsmøte i vår, og det vil vere heildigitalt. Fylkesårsmøtet i det nye fylkeslaget Innlandet vil også vere papirfritt.
Fylkeslaget i Møre og Romsdal blir dermed det einaste som framleis har eit fast tak om papirbunken.
– Kall oss gjerne gammaldagse, det kan vi leve godt med, seier fylkesleiar Anne Marie Bergset.