Greta Thunberg (fra besøk i Europaparlamentet april 2019). Foto: Wikimedia Commons / Europaparlamentet.
Med klimakrisa som læringsarena
Debatt: Kven trur at Greta Thunberg ville lært meir på skulen enn på klimatoppmøtet?
Statsministeren har ytra at Greta Thunberg burde vere på skulen og demonstrere på fritida. Erna Solberg synest altså å meine at Thunberg ville lært meir på skulen enn av å tale på FNs klimatoppmøte og delta i ei internasjonal klimarørsle. Desse haldningane synleggjer eit svært gammaldags syn på læring.
La oss sjå litt på kva som er intensjonen med utdanning, og gå gjennom kva kompetanse det er meininga at Thunbergs aldersgruppe skal få på skulen.
Utdanning skal gi reflekterande og kritiske barn
I Noreg føregår det no ei fornying av faga i skulen, den såkalla fagfornyinga. Ifølgje Utdanningsdirektoratet (Udir) er ein av hovudintensjonane for fagfornyinga at det som elevar og lærlingar lærer i skulen, skal vere relevant. Vidare heiter det: «Samfunnet og arbeidslivet endrer seg med ny teknologi, ny kunnskap og nye utfordringer. Vi trenger barn og unge som reflekterer, er kritiske, utforskende og kreative.»
Om utdanninga er vellykka, vil vi altså kunne vente at fleire ungdommar kan tileigne seg kunnskap om klimaendringar, reflektere over kva det betyr for dei, og vere kritiske til leiarane sine manglande tiltak for å løyse utfordringane. Vi bør derfor vente oss fleire klimaaktivistar som Greta Thunberg og norske Penelope Lea.
Kompetanse – ikkje berre i klasserom
Både den noverande og den nye læreplanen har ei rekke kompetansemål i fag som elevane skal oppnå. Ifølgje Udir betyr kompetanse «å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innebærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning.»
Merk at det det står ingenting her om at kompetanse berre er noko ein kan få i eit klasserom. La oss ta eit eksempel frå eit kompetansemål i samfunnsfag for førsteåret på vidaregåande: «Eleven skal kunne finne døme på ulike typar konfliktar og menneskerettsbrot og drøfte kva FN og andre internasjonale aktørar kan gjere». Sjølv om Thunberg sikkert kunne lært dette gjennom gruppearbeid på skulen, er det sjølvsagt ingenting i vegen for at ho også kan oppnå det gjennom å skrive ein ordentleg tale om klimaendringar og framføre den for verdas statsleiarar i FN.
I munnleg engelsk skal elevar på vg1 blant anna kunne «uttrykke seg på en nyansert og presis måte med god flyt og sammenheng, tilpasset formål og situasjon». «How dare you»-talen til Greta Thunberg i FN har alt gått inn i historiebøkene, og har blitt omtalt av media over heile verda. Det er vel ikkje nødvendig å hente inn ein engelsklærar for å krysse av på at dette kompetansemålet er oppnådd.
Når Thunberg set seg inn i jorda sitt karbonbudsjett for 2 graders oppvarming, og kan gjere greie for kor mykje vi bruker av budsjettet kvart år, ser det også ut til at ho har god kompetanse i matematikkmålet «tolke, bearbeide, vurdere og drøfte det matematiske innhaldet i ulike tekstar».
Som naturfaglærar vil eg seie at Thunberg imponerer med svært god måloppnåing i fleire av kompetansemåla i naturfag, som til dømes å «undersøke en global interessekonflikt knyttet til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argumenter og konklusjoner i debattinnlegg.» Klimaforskarar som har gått gjennom talen hennar finn heller ingen faktafeil der.
Sanninga er sjølvsagt at klimaaktivisme har bidratt til å gi Greta Thunberg og andre ungdommar kunnskapar og ferdigheiter som er langt over det vi kan vente at elevar får i skulen, og langt over det mange vaksne har.
I staden for å bekymre seg for Greta Thunberg si utdanning burde Solberg heller gi eigne regjeringsmedlemmer i heimelekse å sette seg inn i FNs klimarapportar. Og tenk så fint om vi kunne forvente at ikkje berre elevar, men også regjeringsmedlemmer kan «utvikle kompetanse som gjør dem i stand til å ta ansvarlige valg og handle etisk og miljøbevisst», som det heiter i ny overordna del av læreplanen, bestemt av regjeringa.