Øivind Kro Baisgård(14) er lite motivert for ungdomsskolen. Utdanning fikk bli med ham i verkstedet der han trives best. Han etterlyser mer praktisk undervisning også på skolen.Foto: Marie von Krogh
Mot ein kunnskapsdemokratisk grunnskule
Debatt: Skal praktiske kunnskapar implementerast i grunnskulen på sine eigne vilkår, må det gjerast endringar som ikkje passar inn i den bygningsstrukturen vi har.
Grethe NinaHestholmFørsteamanuensis ved Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar (PPUY), Høgskulen på Vestlandet
PublisertSist oppdatert
Annonse
Vi har høyrt det før: Born relaterer seg til verda på ein aktiv, praktisk og personleg måte. Med ei hovudsakleg teoretisk kunnskapsformidling motarbeider vi den ånda av heilskap og interaksjon som dei lever i (Dewey, 1916, s. 340; Dewey, 1900/1902/1990, s. 183-186). Med ei hovudsakleg teoretisk kunnskapsformidling greier vi heller ikkje å dekke sysselstettingsbehovet i samfunnet:
Annonse
Det er nødvendig å opprettholde en høy rekruttering til yrkesfag og i tillegg sørge for at langt flere fullfører fagopplæring enn i dag. Da må praktisk kunnskap i større grad introduseres som likeverdig med akademisk kunnskap allerede på ungdomstrinnet for å heve status og interesse for yrkesfag (Kunnskapsdepartementet, 2011, s. 7).
Men vågar vi å ta dei skulepolitiske konsekvensane av desse kjennsgjerningane? Anna enn å fornye, avgrense og fordjupe dei faga som allereie finst i skulen? Pusse opp huset, så å seie? Eller tør vi å bygge nytt, utvide og modernisere?
Skal vi oppnå målet om ein demokratisk kunnskapsrepresentasjon er det ingen veg utanom: Vi må bygge nytt.
Skal praktiske kunnskapar implementerast i grunnskulen på sine eigne vilkår må det gjerast endringar som ikkje passar inn i den bygningsstrukturen vi har.
Illustrert i skulens eige vurderingskriterie-struktur kan vi sjå kor vi står og kor vi kan kome:
Aksepterer vi situasjonsskildringa? Aksepterer vi løysingsforslaget? Greier vi å organisere ein skule som grip fagleg breiare, femner kunnskapskulturelt rausare, ja – representerer det levande, produktive kunnskapssamfunnet på ein meir demokratisk måte? Og klarar vi å utdanne lærarar som evnar å sette kunnskapen inn i ein teoretisk- så vel som ein realpraktisk relevans?
Eller kostar det for mykje? Strukturelt, økonomisk og skulekulturelt?
Ja, det vil koste. Men ser vi på dei kunnskapsteoretiske, danningsfilosofiske og utdanningssosiologiske argumenta har vi ikkje noko val.
1) Kunnskapsteoretiske argument
Med tilgang til den konkrete, situerte livsverda blir eleven i stand til å sjå og validere løysingar som tar omsyn til heilskapen. Ei einsidig posisjonering hemmar kunnskapsutviklinga og forhindrar den fruktbare osmosen mellom kategoriane.
2) Danningsfilosofiske argument
Alle - også dei som meistrar teorien, treng den konkrete, kroppslege kontakta med den subjektive livsverda for å finne sin identitet og utvikle eit breitt og demokratisk fundament for si danning.
3) Utdanningssosiologiske argument
Allmennutdanninga, slik vi forsøker å realisere den i skulen i dag, styrkar og vidarefører maktstrukturar gjennom ein udemokratisk representasjon av kunnskapar og kulturar. Med si sterke teoretisk-akademiske slagside er ho ansvarleg for å oppretthalde og vidareføre eit kunnskapskulturelt hierarki og ein skeivt utdanna folkesetnad (Hestholm, 2020).
Alt peikar mot ei kunnskaps- og opplæringsdemokratisering. Vi har høyrt det før. Stortingsmelding 22, Motivasjon – Mestring – Muligheter (Kunnskapsdepartementet, 2011) formulerte det slik:
Alle elever fortjener å bli møtt med høye forventninger og få mulighet til å utvikle sine evner. Å skape mer sosial utjevning i utdanningssystemet handler om rettferdighet. Det er urettferdig når elever ikke får utviklet sine evner og ferdigheter tilstrekkelig. Rettferdighet er også det beste for samfunnet økonomisk sett (Kunnskapsdepartementet, 2011, s. 7).
Annonse
Kjelder
Dewey, John (1902/1900/1990): The School and Society. The Child and the Curriculum. London: The University of Chicago Press, Ltd.
Dewey, John (1916). Democracy and Education: An Introduction to the Philosophy of Education. New York: Macmillan. Henta frå: https://archive.org/stream/democracyeducati1916dewe#page/n11/mode/2up
Hestholm, Grethe Nina (2020). Kva talar for ein likeverdig representasjon av praktiske og teoretiske kunnskapar i obligatorisk skulepensum? Kunnskapsteoretiske, danningsfilosofiske og utdanningssosiologiske argument. Avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet, 2020. ISBN 978-82-93677-16-1 https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/handle/11250/2680221