Dei minste er redde på skolen
38 prosent av barna i dei tre første klassetrinna i svensk skole er redde på ulike stader på skolen.
Dette kjem fram i ei undersøking den svenske organisasjonen Friends har gjort. Friends arbeider mot mobbing og diskriminering.
Utrygge somme stader på skolen
Friends har laga fleire rapportar der skolebarn blir spurt om tryggleik og mobbing. Friendsrapporten 2016 er første gong barn i dei tre første årskulla med i undersøkinga.
Nesten kvar fjerde av dei yngste seier at dei er utrygge somme stader på skolen. Den staden flest er utrygg, er på toalettet. Uteplassen kjem på andre plass.
På spørsmål om ein medelev har gjort noe dumt som eleven er blitt lei seg for, svarar halvparten av dei yngste ja. 30 prosent svarar at dette har skjedd fleire gonger.
Ingen skilnad i svara frå gutar og jenter
Samstundes er ein fjerdedel av desse elevane at dei er redde for å bli aleine i friminutta utan noen å vere saman med.
Blant elevane i dei tre siste åra i grunnskolen seier 25 prosent av jentene at medelevar har vore ugreie med dei det siste året, mot 16 prosent av gutane. For elevane i dei første åra er det ingen skilnad i svara frå gutar og jenter.
Undersøkinga omfattar 60 000 barn i heile den svenske grunnskolen, ni trinn, pluss førskoleklasse. Det svarar til 1. til 10 klasse i den norske skolen.
Les heile rapporten her