Nominasjonar til dronning Sonjas skolepris

Fylkeskommune, kommunar, private skoleeigarar og andre blir oppmoda til å nominere kandidater.

Fylkeskommune, kommunar, private skoleeigarar og andre blir oppmoda til å nominere kandidater til Dronning Sonjas skolepris for likeverd og inkludering.

Dronning Sonjas skolepris skal tildelast ein skole som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering på ein fullverdig måte. Hennes Majestet Dronning Sonja tok sjølv initiativ til denne prisen for inkludering og likeverd i 2005, og Dronninga deler sjølv ut prisen på den prisvinnande skolen, ifølgje Fylkesmannen.no.

I kriteria for prisen blir det særlig understreka at vinnaren av Dronnings Sonjas skolepris er ein grunnskole eller ein vidaregåande skole som 

  • ivaretek elevane sine rettar for deltaking og medbestemming
  • praktiserer tilpassa opplæring på ein fullverdig måte
  • sørger for at alle elevar kan føle seg trygge og høyre til på skolen
  • legg vekt på at kvar einskild skal få positiv merksemd
  • har ein heilskapleg og langsiktig plan for å realisere likeverd og inkludering
  • som involverer elevar, foreldre, lærarar og skoleleiarar

 

Ler meir her