Ill.foto: Marie von Krogh
Gratis skolefritidsordning til fleire førsteklassingar
Over 800 barn frå familiar med låg inntekt i 19 kommunar får tilbod om gratis skolefritidsordning.
Det skjer etter at regjeringa i 2021 oppretta ei ny tilskotsordning. Målet var å få fleire kommunar til å tilby gratis skolefritidsordning (SFO) til elevar i 1. trinn frå familiar med låg inntekt.
– Skolefritidsordninga er ein viktig sosial arena for mange barn. Ho bidrar til inkludering og integrering. Derfor er eg glad for at vi no har fått på plass ei ordning som gir enda fleire barn frå familiar med låg inntekt moglegheit til å delta, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) ifølgje ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Disse kommunane har motteke tilskot
Troms og Finnmark: Harstad, Nordreisa
Nordland: Bodø, Hadsel, Lødingen, Narvik
Trøndelag: Rindal, Røros, Trondheim
Vestland: Høyanger, Stord
Vestfold og Telemark: Notodden
Agder: Lindesnes, Åseral
Buskerud: Flesberg
Viken: Gjerdrum, Moss, Sarpsborg
Innlandet: Skjåk
Kilde: Kunnskapsdepartementet
Dette er første året at kommunar som ikkje allereie har egne ordningar med gratis SFO, får høve til å søkje om tilskot for å etablere nye ordningar. Kommunane kunne søke om tilskot til både heiltids- og deltidsplassar, og dessutan tilskot til å dekke eventuelle kostpengar i SFO, ifølgje pressemeldinga.
Dei 19 kommunane (sjå tabell) mottek 26,7 millionar kroner for skoleåret 2021/22.
– Vi vil starte med gratis SFO for førsteklassinger. Det koster mye, men det er en innfasing som er mulig å få til.