Trump vil stoppe humanistisk forsking og utdanning
Ifølgje eit notat planlegg president Donald Trump å leggje ned fondet som gir offentlege pengar til humanistisk forsking og utdanning.
Han vil dessutan leggje ned det tilsvarande fondet for kunst, skriv Washington-avisa The Hill.
Dei to organa heiter “National Endowment for the Humanities” og “National Endowment for the Arts”. Dei er finansiert med midlar frå amerikanske styresmakter for å fremje humanistisk forsking og utdanning og kunst.
I alt vil Trump kutte offentlege utgifter med 10.500 milliardar dollar over ti år ved å kutte løyvingane til organ som får offentleg finansiering, ifølgje avisa. Men desse to fonda vil han leggje heilt ned.
National Humanities Alliance, organisasjonen for organisasjonar og institusjonar som driv humanistisk forsking og utdanning, seier på sine nettsider at det vil vere katastrofalt om dette går igjennom. Det vil råke alle sider av vern, forsking og utdanning innanfor alle delar av kulturomgrepet.
Organisasjonen har nå sett i gong ein aksjon for å hindre tiltaket. Dei ber alle medlemmar, heilt ned på individnivå, om å sende epost til representantar i Kongressen for å få dei til å røyste mot framlegget.
Ifølgje The Hill har medlemmar av det republikanske partiet kome med framlegg i Kongressen om tilsvarande, men ikkje like ytterleggåande, kutt tidlegare. Dei har ikkje fått støtte, korkje hos demokratane eller hos moderate republikanarar.
The Hill skriv at det er Russ Vought og John Gray frå Donald Trump sin stab som alt før presidentinnsettinga diskuterte kutta med sentrale medlemmar av staben i Det kvite hus.