– Kompetansekrava for lærarar i grunnskulen er skjerpa dei siste åra. Det er bra. Tilsvarande må skje i vidaregåande, skriv Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik. Illustrasjonsfoto: Pixabay
Vidaregåande må gi tyngre studiebagasje
Debatt: Eit nytt studieår er i gang. Kor godt budde er studentane for lange og krevjande studium?
Det har vore heftig debatt om fråfallet i vidaregåande opplæring. Fråfallet i høgre utdanning har fått mindre merksemd. Ifølgje SSB fullfører berre to av tre studentar ei grad, og det etter åtte år. Fleire forskingsrapportar peikar på at mange studentar manglar kunnskap og kompetanse som trengst, for å meistre krava i høgre utdanning. Alarmklokkene bør ringe både i utdanningssystemet og i dei politiske miljøa.
Det kan vere bra at mange får sjansen. Men for mange blir høgre utdanning også ein veg til nederlag og til forkorta yrkesliv.
Alle skuldar på alle
Alle skuldar på alle. Vidaregåande gjer ikkje den studieførebuande jobben godt nok, hevdar universiteta, som sjølve vert skulda for dårleg undervisning, og for ikkje å tilpasse seg studentane sitt nivå. Studentane peikar på studiefinansieringa som tvingar dei til arbeid ved sida av studia. Politikarane er stort sett tause. Det gir større politisk gevinst å tildele studiekompetanse gjennom vedtak enn å stille relevante krav. Universiteta og høgskulane sitt svar er forkurs eller eigne kompetansekrav. Dermed blir vidaregåande skule si rolle svekt. Det gagnar ingen, og slett ikkje dei unge.
Eit offentleg utval, Liedutvalet, har fått i oppdrag å greie ut korleis vidaregåande opplæring skal tilfredsstille behova samfunn og arbeidsliv har for kompetanse. Det sentrale spørsmålet blir korleis ein kan møte forventningar om masseutdanning og samstundes sikre god kvalitet, ikkje minst som grunnlag for å studere?
Lærarkompetansen må styrkast
I gymnaset dominerte lektorane. Slik er det ikkje i dagens studieførebuande program. Halvparten av lærarstaben har kortare utdanningar, mindre enn fire år (SSB 2017). Sjølv blant dei som underviser i fag med stor fagleg fordjuping, er lærarar med hovudfag/master i mindretal.
Det har vore eit betydeleg nasjonalt kompetansefall i den studieførebuande utdanninga i løpet av nokre tiår. Det har skjedd utan nemneverdig interesse frå forskarhald og heilt utan politisk interesse.
Kompetansekravet for å undervise i eit fag er 60 studiepoeng (eitt år). Dei fleste lærarar tilfredsstiller dette minimumskravet. Men det held ikkje for undervisning på dette nivået.
Kompetansekravet for å undervise i eit fag er 60 studiepoeng (eitt år). Dei fleste lærarar tilfredsstiller dette minimumskravet. Men det held ikkje for undervisning på dette nivået. Nye læreplanar, der val av lærestoff og metode i stor grad er overlate til læraren sitt faglege skjønn, forsterkar behovet for større fagleg tyngde.
Er master svaret?
Somme hevdar at dette er eit forbigåande problem. No blir alle framtidige lærarar master. Men den nye, generelle masterutdanninga, primært innretta mot grunnskulen, sikrar ikkje nødvendig fagfordjuping for å undervise i dei ulike faga i vidaregåande. Difor må universiteta både oppretthalde lektorutdanninga basert på disiplinfag og utvikle ei masterutdanning særskilt retta mot studiespesialiserande program i vidaregåande.
Kompetansekrava for lærarar i grunnskulen er skjerpa dei siste åra. Det er bra. Tilsvarande må skje i vidaregåande. Det må dessutan bli attraktivt for lektorar med doktorgrad å arbeide i vidaregåande.
Betre samspel
Å utdanne lektorar var lenge ei hovudoppgåve for universiteta. No er prioriteringa annleis. Det er forsking og publisering som gjeld. Undervisning og fokus på overgangen mellom vidaregåande og høgre utdanning har i mindre grad vore interessant eller meritterande. Vidaregåande skule er no ein del av den såkalla grunnopplæringa, tett kopla til grunnskulen. Ein konsekvens er at banda har slitna i andre enden – i kontakta med høgre utdanning. Det svekkjer vidaregåande skule si rolle som plattform for studium.
Denne utviklinga må snuast. Vidaregåande skule må forsterkast som studieførebuande institusjon. Dette krev politiske grep. Men det trengst også vilje til haldningsendring både i høgre utdanning og i vidaregåande. Eit første steg vil vere å opprette eit formelt organ med særskilt ansvar for overgangen mellom vidaregåande og høgre utdanning.
Tyngre studiebagasje
Framtidig samfunns- og arbeidsliv vil stille store krav til kompetanse. Å meistre vidaregåande vil vere avgjerande for å lukkast, enten det neste steget er yrkeslivet eller vidare studium. Mange elevinteresser og -behov skal følgjast opp i dagens vidaregåande opplæring. Det blir gitt mange og gode tilbod på ei rekkje fagområde, og det ser mellom anna ut til at elevane har god digital kompetanse.
Å sikre godt studiegrunnlag er viktigare enn å konstruere nye inntaksreformar, slik somme no tar til orde for. Det studiespesialiserande programmet må vere hovudvegen til studiekompetanse og legge lista for andre vegar til høgre utdanning. Det må stillast tydlegare krav til tekstlesing og ikkje minst til skriving. Dette er kompetanseområde som høgre utdanning etterlyser. Samtidig må det studiespesialiserande programmet gi rom for fordjuping både i realfag, språkfag og samfunnsfag, men også i nye og tverrfaglege fagfelt. Elevane må møte arbeidsformer som kombinerer teori og praksis på ein heilt annan måte enn i den «gamle» skulen. Også studierelaterte metodar og større prosjektarbeid må det vere plass til.
Tyngre studiebagasje vil auke sjansen for at fleire meistrar høgre utdanning, og fullfører innan rimeleg tid.