Rekordhøge søkjartal til PPU
Alt før søknadsfristen er ute, har Høgskulen i Volda registrert ein stor auke i talet på dei som søkjer til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
– Det blir definitivt vanskelegare å kome inn i år. I dag passerte vi 500 søkarar, og vi har 110 plassar, seier Per Johan Ramsli til Sunnmørsposten. Han har ansvar for opptaket til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i Volda.
Fristen for å søke er 15. april. Søkartala til PPU i Volda er allereie 25–30 prosent over søkartala for i fjor.