Ny universitetsrektor i Bergen
Sigmund Grønmo vann ein klar seier i rektorvalet ved Universitetet i Bergen med 53,75 prosent av røstene.
Langt fleire nytta stemmeretten sin ved dette
rektorvalet enn ved valet i 2001 og 1998 melder På
Høyden, nettavisa for Universitetet i Begen. Dette gjeld
både vitskapleg tilsette, studentar og teknisk/administrativt
personale. Sigmund Grønmo og Anne Gro Vea Salvanes hadde klart
fleirtal i to av gruppene.
- Vi håpa å komme opp i over 50
prosent deltaking frå dei tilsette og 10 prosent for
studentane. Det klarte vi for alle dei tre gruppene, og med
relativt god margin for to av dei. Det er vi veldig godt nøgde
med. Særskilt er det gledeleg med den store auken i
studentstemmer seier Per Gunnar Hillesøy frå
Kollegiesekretariatet og Valstyret.
Hillesøy trur at den gode valdeltakinga
har to hovudårsaker. For det første er valet elektronisk,
slik at det har blitt langt lettare å stemme, og for det andre
har det vore reell konkurranse og mykje merksemd om valet.
53,9 prosent av dei vitenskaplig tilsette,
50,1 prosent av dei teknisk/administrativt tilsette og 13,4 prosent
av studentane stemte ved årets rektorval.
Sigmund Grønmo og Anne Gro Vea Salvanes
hadde flest stemmer både hjå dei vitskapleg tilsette og
studentane med 55,1 og 60,0 prosent av stemmene, medan Rune Nilsen
skåra best blant teknisk/administrativt personale med 44,2
prosent. Stemmene frå studentane teller 25 prosent, frå
dei vitskapleg tilsette 59 prosent, medan dei
teknisk/administrativt tilsette teller 16 prosent.
(kr)