Frå 1.8.2015 kan ungdomsskulane velje å tilby Arbeidslivsfaget som eit alternativ til framandspråk eller språkleg fordjuping.
Som grunngjeving står det mellom anna i fagplanen at «Dagens arbeidsliv har et stort behov for faglært arbeidskraft innenfor ulike bransjer og sektorer. (…) Dette krever høy kompetanse og gode grunnleggende ferdigheter av den enkelte arbeidstaker. Arbeidslivsfaget skal bidra til at elever på ungdomstrinnet får kjennskap til fag- og yrkesopplæring gjennom erfaring med arbeidsoppgaver hentet fra forskjellige yrker som produserer tjenester og produkter» (Udir 2015).
"Andre vil meine at tida er overmoden for obligatorisk utdanning å tilby eit meir demokratisk utval av dei kunnskapane som er representerte i samfunnet."
Eigentleg er det ei banebrytande hending at yrkesfag har fått kome inn i teori-territoriumet til skulen. Nokre vil først og fremst oppleve det som ein anomali – eit fag som overhovudet ikkje passar inn i det bildet vi har av skule. Andre vil meine at tida er overmoden for obligatorisk utdanning å tilby eit meir demokratisk utval av dei kunnskapane som er representerte i samfunnet.
Eg er ein tilhengar utan atterhald av sistnemnde gruppe. Samstundes må eg rope eit varsku.
For dersom meininga var å auke kunnskapen om, og statusen til yrkesfaga, kan arbeidslivsfaget, slik det er organisert i dag, leie til akkurat det motsette.
Dette hevdar eg av tre grunnar: 1) Skulane har ikkje godt nok eigna lokale, 2) dei fleste ungdomskulelærarane har ikkje relevant utdanning og 3) blant elevane som vel, eller blir valt ut til faget, er fleirtalet stigmatiserte som teoritrøytte og umotiverte. Dette, i tillegg til at elevar som tar arbeidslivsfaget får mindre valfridom dersom dei vil ta studiespesialiserande, utgjer til saman ei lite attraktiv pakke for kvalifiseringsorientert ungdom og deira foreldre.
Løysingane som pressar seg på, er omfattande, men uomgjengelege: 1) eigna lokale må skaffast, innreiast, eller leigast, 2) samarbeid med yrkesfaglærarar må etablerast og 3) faget må gjerast obligatorisk for alle elevar.
Det var eit visjonært Storting som i mai 2015 vedtok å innføre arbeidslivsfaget på ungdomstrinnet (Stortinget 2015). Eg håpar no at Kunnskapsdepartementet fullfører kongstanken ved å implementere faget slik at dei gode måla blir oppfylte.
Rapport frå prøveordningane
Problema eg nemner er ikkje tatt frå fantasien, sjølv om ein godt kunne tenke seg at nettopp desse utfordringane ville melda seg. Frå skuleåret 2009/10 innførte nokre utvalde kommunar ei prøveordning med arbeidslivsfaget og sidan då har Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (Nova) levert rapportar frå forsøka.
Rapportane formidlar verdifulle erfaringar, og er med å støtte argumentasjonane mine nedanfor.
Lokale
Ei seriøs undervisning i arbeidslivsfaget vil opplagt krevje andre fasilitetar enn det ein finn i eit standard klasserom. I Nova-rapporten frå 2013 står det at opplæringa hovudsakelig hadde føregått i skulebygningane.
Tre av fire skular hadde aldri, eller berre i nokre få timar hatt arbeidslivsfag utanfor skulen. Nesten halvparten av lærarane vurderte at tilgangen til og kvaliteten på lokala ikkje var tilfredsstillande, og at dette utgjorde ein utfordring for kvaliteten på undervisninga.
«På dette området har det vært en forverring i løpet av forsøksperioden. Enkelte lærere opplever også fremdeles utfordringer med å få samlet arbeidslivsfagstimene i lengre økter» (Bakken, Dæhlen og Smette 2013, s.13).
Berre ein marginal del av rikdomen i yrkeskunnskapane kan undervisast i ein sløydsal eller på eit skulekjøken. Det er dessutan ein overhengande fare for at desse romma inviterer til ei vidareføring av skulefaga: sløyd og mat og helse. Dette er sjølvsagt flotte fag, men dei formidlar ikkje «hvilke krav som stilles til yrkesutøvelse og til yrkesutøvere», slik det mellom anna står i læreplanen for arbeidslivsfaget (Udir).
Lærarkompetanse
Ifølgje Nova hadde to av tre lærarar som var med i forsøket ei praktisk utdanning. Dei opplevde at dei hadde blitt valt ut av leiinga fordi dei hadde særskilte føresetnader for å lukkast med det nye faget (Bakken, Dæhlen, Haakestad, Aaboen Sletten og Smette, 2012, s. 9). Men kva med skular som ikkje har slike lærarar?
Dei fleste ungdomsskulelærarar er i utgangspunktet ikkje kvalifiserte til å undervise i arbeidslivsfaget, og kvifor skulle dei vere det? Med arbeidslivsfaget blir det introdusert kunnskapstradisjonar som hittil har vore fråverande i obligatorisk skule.
Meiner ein alvor med faget, må ein få i stand eit samarbeid med yrkesfaglærarar som har kompetanse til å presentere yrkesfaga slik dei faktisk er, ikkje som ein vrangførestelling av ein idé, slik vi får assosiasjonar om når vi høyrer om elevar som får fritt spelerom i sløydsalen, vaktmeisteren som plutseleg får undervisningsansvar, eller elevar som steiker pannekaker og høyrer på musikk.
Men ifølgje Nova-rapporten frå 2013 hadde ungdomsskulelærarane opplevd samarbeidet med videregående skole som vanskelegare, eller meir problematisk enn samarbeidet med arbeidslivet (Bakken et al 2013, s.10).
Sjansen til eit sårt trengt møte mellom ungdomsskuleelevar og kompetente fagarbeidarar kan vonleg by seg gjennom eit nytt krav i praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar: No skal nemleg studentar som tar praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) også ha praksis i to veker i ungdomsskulen. Med dette er det tatt eit viktig steg i retning forpliktande samarbeid mellom skuleslaga.
"Sju av ti elevar som deltok i faget, meinte at arbeidslivsfaget var det beste faget på skulen."
Elevføresetnader
Sju av ti elevar som deltok i faget, meinte at arbeidslivsfaget var det beste faget på skulen. Nova-forskarane meinte at nøkkelen til suksessen er at faget representerer ein alternativ læringsarena i skulen som gir meistringsopplevingar for fleire (Bakken et al 2013, s.8 og 11).
Her står vi i hjartet til ei interessekonflikt mellom spesialpedagogikk og eminent yrkeskunnskap. Sjølv om det finst unntak, melder rapportane at elevar med relativt svake skulefaglige prestasjonar klart er overrepresenterte i arbeidslivsfaget, nokre er sågar plasserte i faget utan sjølv å ha valt det (Bakken et al 2013, s. 9 og 12).
Vi ser her korleis teoretisk skulekultur oppfattar praktisk kunnskap som ein slags naudhjelp for teorifrustrerte elevar – og berre som det. Kanskje som venta, gjeve at kunnskapsfeltet stort sett er ukjent i ungdomsskulekulturen.
Gjennom heile evalueringa har mange lærarar rapportert at samansetninga av elevar i arbeidslivsfaget er utfordrande, skriv Nova-forskarane. «Noen lærere opplever at skolene bruker arbeidslivsfaget til å lose «vanskelige elever» bort fra fremmedspråk. Noen lærere gir også uttrykk for at elevsammensetningen gjør det vanskelig å gjennomføre faget på en god måte – enten fordi spredningen i elevgruppa er svært stor, eller fordi det å få mange elever med atferdsproblemer samlet på ett sted kan være krevende» (Bakken et al 2013, s. 13).
Arbeidslivsfaget skulle mellom anna gi elevar høve til å prøve ut interessa for yrkesfaga, men her ser vi at organiseringa er med på skape, oppretthalde og vidareføre øydeleggande fordommar om yrkesfaga som verkar avskrekkande på ungdom og foreldre som ynskjer «den beste» utdanninga.
Ei mor formulerer møtet med arbeidslivsfaget slik:
«På ungdomsskolen til min datter ble det presentert slik: «Dette er et tilbud som vi har til noen få elever, det vil si dem som ikke vil mestre å ha språkfag. Elevene som vil ta studiekompetanse i videregående skole skal altså ikke ta dette faget. Hvis de ikke tar språkfag nå kan de ikke oppnå studiekompetanse på normert tid.»
(…) «Min datter er flink på skolen, men ville egentlig gjerne prøve seg i yrkeslivet pluss lære om entreprenørskap. Så hun ble skuffet over dette. Jeg forklarte at skolens fremstilling nok ikke stemte helt, men skjønte også at det ikke var noe poeng å holde på å velge det faget ... Leit! Tror selv at entreprenørskap og arbeidslivserfaring på ungdomsskolen ville vært fint for flere!
(…) Ambisiøse elever kan nå utrolig langt og finne sider ved seg selv om de ikke ante at de hadde. Det er bare kunnskapsmangel og en ukultur at dette faget har så lav status. Datteren min ble oppriktig skuffet - hun gledet seg veldig til å forsøke seg i arbeidslivet og hadde lyst til å lære om gründervirksomhet.»
Skule = teori?
I dei fleste land handlar obligatorisk opplæring om å tilpasse akademisk kunnskap til heile elevmassen. Skulekunnskap er, og har vore synonymt med teoretisk kunnskap, som igjen har vore knytt til høgare utdanning og posisjonar til priviligerte klassar (Dokka 1988, s. 12).
Praktisk kunnskap har vore til stades i kulturen som eit sjølvsagt og livsviktig premiss, men i dag er det heller sjeldan at borna lærer praktisk kunnskap i sitt naturlege habitat. Vanlegvis møter borna ein abstrakt, og særleg gjennom datamaskiner, virtuell erfaringsarena.
Som obligatorisk fag i ei obligatorisk opplæring kan arbeidslivsfaget synleggjere og løfte yrkesfaga for nye elevkulturar. Noreg treng fleire fagarbeidarar. Det blir stadig varsla, mellom anna frå regjeringa, Statistisk sentralbyrå (SSB, 2013) og næringslivets hovudorganisasjon (NHO, 2015). Men dette er berre ei side av saka.
Hadde arbeidslivsfaget vore obligatorisk for alle elevar, hadde alle fått eit breiare kunnskaps- og erfaringsgrunnlag, både for å ta eit meir kvalifisert val om framtida si, men også, og særleg for å utvikle ei breiare danningsplattform. Eit einsidig teorifokus gir ein avgrensa kunnskapshorisont og hindrar den gjensidige vekselverknaden mellom refleksjon og handling.
Ifølgje sluttrapporten til Nova var det dei praktiske arbeidsmetodane som var viktigaste grunnen til at elevane trivdes så godt med arbeidslivsfaget: «Faget oppleves av de fleste som et praktisk fag der de kan jobbe med ulike oppgaver, og der de kan bruke hendene og kroppen sin i større grad enn i andre fag. Elevene beskriver faget som et annerledes skolefag der undervisningen foregår under andre betingelser enn i de tradisjonelle skolefagene» (Bakken et al 2013, s. 12).
Den realitetsorienterande kontakten med røyndomen
Ifølgje opplæringslova paragraf 1-1 skal elevane og lærlingane utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet (Opplæringslova). Det er enkelt å støtte opp om desse måla, men det er grunn til å spørje om vi med det teoretiske kunnskapsrasjonalet som råder i obligatorisk allmennutdanning greier å oppfylle dei.
Store krefter er sett inn for å kompensere for manglande motivasjon, interesse, ulike lærevanskar og sosial reproduksjon gjennom å variere og tilpasse opplæringa, men få stiller kritiske spørsmål ved teorifokuset i det pensumet vi underviser.
Når dei såkalla «allmennfaga» hovudsakleg er teoretiske i innhald og metode, representerer dei verken spekteret av evner hos elevane, eller spekteret av kunnskap i samfunnet.
Den praktiske utøvaren må, i større grad enn den teoretiske tenkaren, forstå og reagere på kontinuerlege tilbakemeldingar og uføresette hendingar. Denne pulserande, læringsmotiverande og realitetsorienterande kontakten med røyndomen er mangelvare i dagens obligatoriske skule, der læring hovudsakleg er tenkt som formidling av fakta og verdiar gjennom dialogiske refleksjonar, men som det ikkje er høve til å prøve ut, eller justere på ein relevant realitet. Her forstår eg «relevant realitet» som dei aktuelle samfunnsarenaene som skulefaga er forankra i.
Dette er eit like stort dannings- og utdanningssvik overfor dei som lukkast, som for dei som ikkje lukkast i den obligatoriske grunnutdanninga.
Ei obligatorisk tilrettelegging av arbeidslivsfaget ville tilført alle elevar forløysande erfaringar med dei rike kunnskapane i fag- og profesjonsutdanningane. Men det må skje ein liten revolusjon før måla i fagplanen for arbeidslivsfaget kan realiserast i ungdomsskulen, som er organisert etter ei utdanningsforståing som var adekvat den tida elevane hadde naturleg tilgang til praksis utanfor skulen.
"Eit menneske kan ikkje reflektere eine og åleine på tørre teorien."
Store mengdar forsking viser korleis kombinasjonen av praktiske og teoretiske tilnærmingar motiverer, perspektiverer, genererer forståing og innsikt, ansvarleggjer, aktiverer innovasjonsprosessar, demokratiserer, byggjer identitet, med meir. (Mellom anna Säljö, 2001, Schön 1987, Dewey 1997, Hestholm 2008). Ingen elevar fortener å bli haldne utanfor desse prosessane!
Eit menneske kan ikkje reflektere eine og åleine på tørre teorien. Det er ei kjennsgjerning vi vaksne i skulekuvøsen gløymer. Utanfor skulekuvøsen erkjenner vi ganske raskt at teori faktisk er ganske viktig, men overser då at vi opplever dette berre fordi vi har tilgang til den praktiske, levande verda.
Litteratur:
Bakken, A., Dæhlen, M., Haakestad, H., Aaboen Sletten, M. og Smette, I. (2012): Ett år med arbeidslivsfaget. Læreres og elevers erfaringer med arbeidslivsfaget på 8. trinn. Rapport 1/2012. Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (Nova).
Bakken, A., Dæhlen, M. og Smette, I. (2013): Forsøk med arbeidslivsfag påungdomstrinnet. Sluttrapport fra en følgeevaluering. Rapport 11/2013. Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (Nova).
Dewey, John (1997): Demokrati och utbildning. Göteborg: Bokförlaget Daidalos AB.
Dokka, H.-J. (1988): En skole gjennom 250 år. Den norske allmueskole – folkeskole – grunnskole 1739 – 1989. Oslo: NKS-Forlaget.
Gilje, N. og Grimen, H. (1993): Samfunnsvitenskapenes forutsetninger. Oslo: Universitetsforlaget.
Hestholm, G. N. (2008): «Jeg holder vel ut.» Kritikk av grunnskulens teoretiske kunnskapsideal. I: Norsk Pedagogisk Tidsskrift nr. 1/2008.
Molander, B. (1996): Kunnskap i handling. Göteborg: Bokförlaget Daidalos AB.
NHO (2015). Tilgjengeleg pr. 30.09.15 på www.nho.no/Politikk-og-analyse/kompetansebarometer/stort-behov-for-fagarbeidere/
Opplæringslova. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Tilgjengeleg pr. 25.10.2015 på: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61#KAPITTEL_1
Regjeringen (2013). Tilgjengeleg pr. 30.09.15 på: www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-styrker-yrkesfagene/id745198/
Schön, D. (1987): Educating the Reflective Practitioner. San Francisco: Jossey Bass Publishers.
Säljö, R. (2001): Læring i praksis. Et sosiokulturelt perspektiv. Oslo: J. W. Cappelens forlag a.s
SSB (2013): Tilgjengeleg pr. 30.09.15 på: http://ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/forecasting-demand-and-supply-of-labour-by-education
Stortinget (2015). Tilgjengeleg pr. 30.09.15 på www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2014-2015/inns-201415-271/#a1
Udir (2015). Læreplan for arbeidslivsfag på ungdomstrinnet. Tilgjengeleg pr. 30.09.15 på: http://www.udir.no/kl06/ARB1-02/Hele/Formaal
Grethe Nina Hestholm er høgskolelektor i pedagogikk ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), Høgskolen i Bergen