Ingen lærlingar vil servere kongen
Kristiansand kommune tilbaud servitørlærlingar å servere under middagen for kongefamilien i Kristiansand 29. juni. Ingen har meldt seg.
Opplevinga skulle vere betalinga til lærlingane, melde NRK Sørlandet. Dette vekte sterke reaksjonar.
- Lærlingar er like viktige som alle andre, og skal ha betaling, sa leiar i Fellesforbundet i Vest-Agder, Odd Asle Abildsnes.
Nå viser det seg at ingen lærlingar har søkt.
- Responsen har vore ekstremt dårleg. Eg kan godt forstå at vi ikkje har fått noen søknader, seier seniorrådgivar Ole Wilhelm Svensen hos Fylkesmannen til NRK Sørlandet.
På si Facebook-side seier nå Kristiansand kommune at ingen skal arbeide gratis under middagen, og orsakar heile saka.
Det var Slottet sjølv som ønskte at vidaregåande skolar skulle dekorere og servere under middagen.
Festen skal markere at kongeparet har vore konge og dronning i 25 år. Slottet betalar arrangementet, men Kristiansand kommune og Fylkesmannen i Agder arrangerer. Men alle dei tre instansane hadde tydelegvis gløymt at det er skoleferie 29. juni.