Vil gjere det enklare for vaksne å kvalifisere seg

Regjeringa vil gi innvandrarar og arbeidsløyse enklare tilgang på kompetanse. Ein syrisk tannlege skal få moglegheit til fagleg påfyll slik at han slepp å ende som reinhaldar eller taxisjåfør i Noreg.

Publisert

Regjeringa la fredag fram fleire konkrete vaksenopplæringstiltak i stortingsmeldinga "Frå utanforskap til ny sjanse". Tre statsrådar presenterte tiltaka på ei felles pressekonferanse på Uranienborg sjukeheim i Oslo.

– I ein situasjon med auka arbeidsløyse og høg innvandring, må vi gjere det enklare for vaksne å få den opplæring og kompetansen som arbeidslivet treng, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Han la fram stortingsmeldinga i lag med innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug og Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Regjeringa  gjer framlegg om å endre opplæringslova slik at det ikkje skal vere mogleg å tilsette lærarar i vaksenopplæringa utan pedagogisk kompetanse.

For å statuere eit eksempel gjenga statsråd Sylvi Listhaug ein historie Jarle Aarbakke hadde fortalt. Aarbakke er professor emeritus i farmakologi ved Universitetet i Tromsø og for tida fungerande ordførar i Tromsø for Arbeiderpartiet.

 

Mangla eit år grunnutdanning

– Jarle Aarbakke fortalde om ein syrisk tannlege, utdanna i England. Her i landet fekk han ikkje utdanninga si godkjend. Det handla ikkje om kompetansen hans som tannlege. Det viste seg at han berre har tolv års grunnutdanning frå Syria, mens vi Noreg har tretten, fortalde Sylvi Listhaug.

Det er slike barrierar regjeringa nå tek mål av seg til å fjerna.

– Tannlegen hadde moglegvis behov for fagleg påfyll, for tilleggskunnskapar om nytt medisinsk utstyr, men det blir feil å forlange at han skal gå tilbake til start, sa Listhaug.

Ho meiner at fleire må gis moglegheit til språkopplæring og fagleg påfyll mens dei er i arbeid.

 

Ønskjer pensjonerte lærarar

Det er behov for betre opplæring i norsk for flyktningar og innvandrarar, meiner regeringa. Det skal stillast krav om at dei som underviser i norsk etter introduksjonslova har fagleg fordjupning. Kva for dispensasjonordningar som evenutelt skal gjelde, skal utredast.

– Korleis skal regjeringa klare å få tak i tilstrekkeleg mange kvalifiserte lærarar til å undervise vaksne ute på arbeidsplassane?

– Vårt ønskje er at vaksenopplæringa skal ha best mogleg kvalitet, så vi ønskjer oss flest mogleg kvalifiserte lærarar. Men i den situasjonen vi er i nå, med så mange innvandrarar, flyktningar og arbeidsløyse, må vi ta i bruk folk med ulike kvalifikasjonar til å undervise, samt satsa på frivillige. 5500 melde seg til Kunnskapsdepartements lærerpool. Blant dei er det mange pensjonerte lærarar og eg synest det er flott at dei ynskjer å stille opp, seier Listhaug til Utdanning.

– Vil regjeringa fire på utdanningskrava til ulike yrker?

– Nei, vi skal fortsatt stille strenge krav til kvalifikasjonar og ha høg kvalitet på utdanningsløpa våre. Men samstundes  må vi få til meir skreddarsaum. Fleire må få moglegheit til å fylle på den kompetansen dei manglar i bestemte yrker. Det gjeld både nordmenn og innvandrarar, seier statsråden.

 

For dårleg koordinering

– Mange vaksne treng hjelp frå fleire delar av det offentlege hjelpeapparatet, men til no har koordineringa vore for dårleg, seier Isaksen til Utdanning

Det er bakgrunnen for at Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gått saman om ei felles melding til Stortinget. Målet er å få til ein meir heilskapande politikk på dette feltet.

– Først og fremst dreier tiltaka seg om norskopplæring, grunnskoleopplæring og yrkesfagleg opplæring. Men regjeringa foreslår også tiltak rette mot høgre utdanning, seier Isaksen.

– Kva med dei som har fullført vidaregåande opplæring i heimlandet, men ikkje får den godkjend og som dermed ikkje har moglegheit til å studera i Noreg? Dei som har fullført vidaregåande i heimlandet har heller ikkje krav på å få vidaregåande opplæring i Noreg. Kva tilbod vil dei få?

– Dei som har erfart dette, opplever eit slags «catch 22». Difor vil vi vurdere å endre opplæringslova slik at vaksne som har fullført vidaregåande i utlandet , og som ikkje får utdanninga si godkjend i Noreg, får rett til vidaregåande opplæring, seier Isaksen.

– Dette bør i alle fall gjelde dei vi veit kommer til å bli i landet vårt i mange år, påpeiker statsråden.

Så legg han til:

– Men eg må væra så ærleg å seia at vi ikkje er heilt i mål med dette forslaget. Bakgrunnen er at ei slik ordning kjem til å få budsjettmessige konsekvensar, seier han.

 

NOKUT får ein viktig rolle

– Dersom tannlegen som Listhaug fortalde om, skal bli godkjend i Noreg, må også NOKUT få nye lovar og reglar å forholda seg til. Vil dei få det?

– NOKUT har i dag ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning. Det skal dei fortsatt ha. Og vi skal fortsatt stille strenge krav til personer som vil utøve yrker som til dømes lege, tannlege eller ingeniør i Noreg. Målet vårt er å gjere det enklare for akademikarar frå andre land å få kompetansen sin vurdert. Det skal også bli betre moglegheiter til å kvalifisera seg i Noreg utan å ta alt på nytt. Vi vil gjere noko med alle stengslene mange har opplevd. Håpet er at færre utanlandske akademikarar skal ende som reinhaldarar og taxisjåførar, seier Isaksen.

Han er i tillegg opptatt av at vi har 400.000 nordmenn som mangler grunnleggende lese- og skriveferdigheter. Derfor vil regjeringa satse meir på arbeidsplassbasert opplæring.

– OECD-direktør Andreas Schleicher sa på eit møte i Kunnskapsdepartementet i 2015 at Noreg gjer for lite for å kartlegge kva slags kompetanse innvandrarar og flyktningar har. Han meiner vi er for opptatt av vitnemål og for lite opptatt av å teste kva folk eigentleg kan. Kva meiner du  om det?

– Denne stortingsmeldinga kan gje nokon av svara på den kritikken, seier Isaksen.

Regjeringa lover mellom anna å utvikle verktøy for å kartlegge grunnleggjande ferdigheiter, samt utvikle nettbaserte lågterskeltilbod til vaksne med svake grunnleggjande ferdigheiter.

– Vi kjem også til å utvikle modulbaserte opplæringstilbod til vaksne i fag- og yrkesopplæringa, samt gje betre kurstilbod i grunnleggjande ferdigheiter, seier Isaksen.

 

Arbeidsministeren nøyd med tiltaka

Stortingsmeldinga rettar seg i særleg grad mot ungdom som ikkje er i arbeid, utdanning eller opplæring, samt vaksne med låg utdanning eller svake grunnleggjande ferdigheiter.

– Eit viktig tiltak er å tette holet mellom ungdomsretten og vaksenretten, seier statsråd Anniken Hauglie til Utdanning.

Det betyr at dei som har droppa ut av vidaregåande opplæring når dei er 22 ikkje lenger treng å vente til dei fyller 25 år før dei kan ta fatt på utdanninga si igjen.

– Vi vil også gje fleire tilbod om arbeidsmarknadsopplæring, såkalla AMO-kurs. Det skal bli mogleg å ta fagbrev på jobb som eit alternativ til den tradisjonelle yrkesfagopplæringa i vidaregåande. Regjeringa foreslår også eit tilbod om toårige NAV-kurs for vaksne,  seier Hauglie.

– Slike ordningar sakna eg då eg var byråd for utdanning og oppvekst i Oslo, fortel statsråden.

 

 

 

Powered by Labrador CMS