
Foreldre la ut skulen til sals
Då det vart klart at skulestyret vurderer å leggje ned ein klasse, gjekk foreldra til ein noko uvanleg aksjon.
Ved barneskulen Joseph Bocher i byen Cherbourg nord i Frankrike har skulestyresmaktene planar om å sløyfe ein av klassane ved skulestart til hausten. Foreldra svarte ved å leggje skulen ut til sals på nettet, skriv nettavisa France Bleu.
Ni klasserom, ein sovesal, to bibliotek og to kjøkken er noko av det det vert freista med i den fiktive annonsen, som rett nok er utan prisforslag. I annonsen vert interesserte oppmoda om å ta kontakt med skulestyresmaktene i Cherbourg.
Representantar for foreldra meiner klassenedlegginga vil innebere «å ofre framtida til barna og livet til nabolaget vårt».