Minister vil at innsyn skal gi meir lik løn

Tysk minister vil arbeidstakarar større rett til å vite kva kollegaer tener. Målet er meir likestilte løner for kvinner og enn.

Publisert

Den tyske familieministeren Manuela Schwesig frå det sosialdemokratiske partiet SPD vil at i verksemder med opp til 200 tilsette skal kvinner ha rett til å vite kva mennene med tilsvarande posisjonar som dei sjølve tener. I større verksemder skal arbeidsgivar få plikt til å gjere tiltak som gjer det mogleg å overprøve og undersøke likestilling i løn.

Er slik lovendring vil ifølgje Schwesig kunne betre tilhøva for 14 millionar arbeidstakarar, skriv avisa Zeit.online.

Kommentaren frå leiaren for den tyske arbeidsgivarsamanslutninga, Stephanie Bschorr, er at dei som trur dette vil minske skilnaden i løn for kvinner og menn, tek feil.

Powered by Labrador CMS