
Tilsetjing av svart rektor utløyser etnisk strid
Tilsetjinga av ein svart rektor ved ungdomsskulen Klipspruyt West har utløyst sterke protestar blant folk i lokalsamfunnet med blanda etnisk opphav.
Dei fleste innbyggjarane i lokalsamfunnet Kliptown i utkanten av Johannesburg er det som i Sør-Afrika vert klassifisert som «coloured», altså personar som stammar frå ei blanding av afrikanarar, europearar og asiatar. Då ein svart rektor vart tilsett i sommar, var det ifølgje lokale aktivistar ei forbigåing av kandidatar med blanda bakgrunn. Dette utløyste store protestar. Skular var stengde i fleire dagar, og under ein av demonstrasjonane vart ein buss kapra og sett i brann.
Ein av leiarane for protestgruppa Patriots for Equality, Anthony Williams, seier til nettavisa The Daily Maverick, at lærarorganisasjonen SADTU har ein agenda som diskriminerer folkegruppa «coloured».
– Agendaen deira er at kvar stilling som rektor og assisterande rektor ved «coloured»-skular skal vere ein svart lærar. Så kva skal skje med dei farga lærarane som har vore i systemet i 20-30 år? Dei får ikkje ein sjanse, seier Williams til nettavisa.
Representantar for SADTU seier på si side at lærarorganisasjonen vert gjort til syndebukk for å rettferdiggjere det dei ser på som rasistisk åtferd frå demonstrantane.
Skuleministeren i Sør-Afrika, Angie Motshekga, seier ho vil sjå nærare på klagene frå lokalbefolkninga, melder radiostasjonen Jacaranda FM.