Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i Stortingets spørretime
Foto: Terje Pedersen
Nasjonale prøver skal vere lærarhjelp
Å gi informasjon til både lærar og styresmakter i ein og same prøve fungerer ikkje, meiner kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
– Dei
nasjonale prøvene gir ikkje lærarane god nok støtte i det pedagogiske arbeidet.
Difor skal vi endre dei, sa kunnskapsministeren i Spørjetimen i Stortinget
onsdag.
Nordtun
varslar at nasjonale prøver skal halde
fram. Formålet skal vere å vere nyttige for lærarane i det
pedagogiske arbeidet og med det sikre læring for elevane.
Den dobbeltrolla prøvene
hatt, med å både skal gi kunnskap til læraren i
klasserommet og til skolestyresmaktene, den fungerer ikkje, ifølgje kunnskapsministeren. Nordtun
svarte dette på spørsmål frå Jan Tore Sanner, Høgre. Han ville vite om kunnskapsministeren
ville frede dei nasjonale prøvene, som har vore utsett for både debatt og
kritikk.
Sanner understreka
i dialogen at det nettopp var det doble formålet med prøvene, informasjon til både lærarar og styresmakter, har han var
interessert i.
Kari Nessa
Nordtun svarte at behovet skolestyresmaktene har for å vere oppdatert om tilstanden
i skolen naturlegvis må bli sikra. Korleis det bør skje lova ho å kome tilbake
til.
– Det vil vere nasjonale prøver i framtida, men prøvene skal vere retta inn mot
elevane si læring, avslutta kunnskapsministeren.
– Særs gledeleg
– Dette er særs gledeleg og eit viktig gjennomslag for Utdanningsforbundet. Det doble føremålet til prøvene har ikkje fungert og ført til målforskyving i skulen. Difor var og vårt landsmøte klare på at me treng ei endring, seier leiar i Utdanningsforbundeg Geir Røsvoll.
Røsvoll er svært godt nøgd med det han høyrte då Kari Nessa Nordtun gjorde klart regjeringa sitt syn på framtida for dei nasjonale prøvene.
– Det er veldig bra at statsråden har politisk mot til å gjere det som er rett og i tråd med kunnskapsgrunnlaget som mellom anna Prøitz-utvalet bygger på, seier Røsvoll.