Lærarane har hatt lågare lønnsvekst enn andre kommunetilsette
Undervisningspersonell i kommunane har hatt lågare lønnsutvikling enn andre tilsette i kommunane frå 2014 til 2019.
Det er rapporten frå Teknisk berekningsutval som viser dette. Rapporten vart lagt fram måndag.
Dei undervisingstilsette i kommunane har hatt ei lønnsutvikling på 15,4 prosent i desse åra. Andre kommunalt tilsette har hatt ei lønnsutvikling på 15,9 prosent.
I 2019 hadde undervisingstilsette i kommunane ein lønnsvekst på 3 prosent. Andre kommunalt tilsette hadde ein lønnsvekst på 3,7 prosent.
Gjennomsnittslønna for undervisningspersonell i kommunane var i 2019 på 584.300 kroner. For andre kommunalt tilsette var gjennomsnittslønna på 519.800.
Dårlegare utvikling
Tilsette som er plassert i gruppa for «offentleg forvalting» og «statstilsette» har sidan 2014 hatt dårlegare utvikling enn undervisningspersonell i kommunane. I offentleg forvaltning har lønna auka med 15,2 prosent. For dei statstilsette har lønna med 14.8 prosent.
Oppgåva til Teknisk berekningsutval er å skaffe fram grunnlagsmateriale for lønnsoppgjeret 2020. Både arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane er representerte i utvalet.
Utvalet har nå lagt fram ein foreløpig rapport. Endeleg rapport vil kome i mars.